Varmt

Share

Når det blir så varmt som det har vore no, har eg problem. I går sov eg tre gonger i løpet av dagen. Når eg søv, får eg ekstra oksygen frå ein generator og det hjelper litt på pusten. Eg er glad eg ikkje er i varmare land sommarstid.

I dag vart den eine soveøkta ganske lang, men no er det von om endring og litt færre grader. Kan hende får eg då energi nok til å skrive inn overskriftene frå dei siste Setesdølen-avisene på Setesdalswiki.

I morgon startar Tour de France. Dei skal starte i København denne gongen, og eg tenkjer det blir varmt nok for dei på turen. Eg kjem nok til å sjå litt på det.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.