Bloggferie

Share

Det er visst helst ferie på bloggen så vel som elles i landet. I går heldt eg senga det meste av dagen, eg hadde feber og var uvel i kroppen. Men eg sov det av meg, -du sov jo heile dagen, sa Reidun.

Dermed fekk eg heller ikkje høyre Valle radio, men sendinga gjekk slik ho var kunngjort. Vi har feriefolk frå Sunnmøre her denne veka, og då sit ein ikkje med øyretelefonar for å høyre på Valle radio, så eg hadde nok heller ikkje høyrt på om eg ikkje var i senga.

Med mange folk i stova kan vi ha quiz, og det hadde vi i kveld etter at sunnmøringane kom tilbake frå Dyreparken. Lang dag, 20.000 skritt, då kan ein vere noko trøytt i føtene. Henrik var rask til å strekke ut føtene i sofaen då han kom tilbake.

Reidun fekk nytt puslespel, og då er spisebordet vårt okkupert i alle fall til det er pusla ferdig. Sigmund vart med henne, han har sett nok fotballkampar i livet, seier han. Som lyd- og bilde-teknikar har han nok det, i mange år jobba han med sport gjennom selskapet NEP.

Eg har ikkje slikt tålmod, så eg valde heller fotballkamp. Svigerdotter Margaret likar best å sjå kampen utan lyd, og det var ei ny oppleving for meg, men positiv, så det kan godt tenkjast at eg held fram med det også når sunnmøringane er reiste. Av tre vekers ferie får vi ei veke, og det er moro å sjå barnebarna vekse og prate litt med dei. Årets store glede er eit lite helikopter Henrik øver seg på å fly.

Frå blogg til wiki

Share

I går la eg ut programmet for Orgelsommer i Bergen på bloggen. I kveld laga eg ein artikkel på Setesdalswiki om arrangementet. Det er jo langt borte frå Setesdal, men kan hende er det nokon som les bloggen som er i Bergen og kan gå innom og høyre. Setesdalswiki skriv jo mykje om orgel, for det er ein spesialitet for Valle radio og Setesdalswiki skriv om programma i den radioen.

No kan det bli artiklar om organistane som spelar på desse konsertane, for eg likar å ha ei raud lenke å gå ut frå. Wiki lenker saman artiklar gjennom blå lenker, så når ei raud lenke er blitt blå, betyr det at det er ein ny artikkel der.  Komponistar for orgel og organistar er godt stoff for Setesdalswiki. Misjonærar, prestar, predikantar og anna innan kyrkje og kristenliv er også godt stoff. Finn eg kjelder til leksikonstoff frå Setesdal er jo det det mest kjærkomne å skrive om.

Daagen i dag vart ein regnversdag. Vi har sommargjester og dei fann dagen høveleg for ein tur i Lyngdal badeland. Små og store koste seg der, men eg tok det med ro heime.

 

Orgelsommar i Bergen

Share

Her er programmet:

Bergen Cathedral 3 Jul Karstein Askeland (Bergen)
St Mary’s Church 5 Jul Otto Christian Odland (Oslo, Norway)
St John’s Church 6 Jul Otto Christian Odland (Oslo, Norway)
New Church 7 Jul Karstein Askeland (Bergen)
Bergen Cathedral 10 Jul Lars Inge Tjøstheim (Karmøy, Norway)
St Mary’s Church 12 Jul Eivind Berg (Bergen)
St John’s Church 13 Jul Sigurd Melvær Øgaard (Bergen)
New Church 14 Jul Jostein Aarvik (Bergen)
Bergen Cathedral 17 Jul Mari Fukumoto (Japan/Germany)
St Mary’s Church 19 Jul Karsten Gyldendorf (Denmark)
St John’s Church 20 Jul Karsten Gyldendorf (Denmark)
New Church 21 Jul Karstein Askeland (Bergen)
Bergen Cathedral 24 Jul Akiko Watanabe (Japan/Sweden)
St Mary’s Church 26 Jul Sigurd Melvær Øgaard (Bergen)
St John’s Church 27 Jul Akiko Watanabe (Japan/Sweden)
New Church 28 Jul Sigurd Melvær Øgaard (Bergen)
Bergen Cathedral 31 Jul Ivan Sarajishvili (Georgia/Norway)
St Mary’s Church 2 Aug Melissa Dermastia (Austria)
St John’s Church 3 Aug Melissa Dermastia (Austria)
St Paul’s Church 6 Aug Jonas Apeland (Bergen)
Bergen Cathedral 7 Aug Eivind Berg (Bergen)
with clarinetist Adrià Torres Amorós (Spain)
St Mary’s Church 9 Aug Kåre Nordstoga (Oslo, Norway)
St John’s Church 10 Aug Kåre Nordstoga (Oslo, Norway)
St Paul’s Church 13 Aug Martin Welzel (Germany)
Bergen Cathedral 14 Aug Martin Welzel (Germany)
St Mary’s Church 16 Aug Magne Harry Draagen (Norway/Germany)
St John’s Church 17 Aug Magne Harry Draagen (Norway/Germany)
St Paul’s Church 20 Aug Sindre Seim Gulbrandsen (Norway)
Bergen Cathedral 21 Aug Edgar Krapp (Germany)
St Mary’s Church 23 Aug Edgar Krapp (Germany)
St John’s Church 24 Aug Ines Maidre (Norway/Estonia)
St Paul’s Church 27 Aug Hannah Marie Carding (Norway)
Bergen Cathedral 28 Aug Sigurd Melvær Øgaard (Bergen)

Klokkeslett og annan informasjon finn du på sida for konsertane

Huset fullt

Share

Sommartid er ferietid, og i dag fekk vi besøk av fem sunnmøringar. Sigmund og familien kom for å vere hos oss nokre dagar, og for meg var det moro å sjå Johannes, yngste barnebarnet, på knapt eit år. I godveret krabba han ut på terrassen og inn i stova og koste seg veldig når han fekk reise seg opp ved gyngestolen vår.

Fredag er taco-dag, og små og store koste seg med lefser og fylte dei med det vi måtte ønske. Dermed vart det eit godt måltid som varte heilt til pausen i fotballkampen, då vart det litt påfyll att.

Om eg får skrive særleg mykje på Setesdalswiki, veit eg ikkje. Det er heller ikkje så viktig. Feriedagane med familien er prioriterte. Men om eg skulle skrive noko, måtte det kanskje vere å nytte dei røde lenkene i Sigmund sin artikkel om sunnmørsk middelalderhistorie som vi fekk legge ut for fleire år sidan.

Sunnmørsk middelalderhistorie på nett

 

 

Vestfold orgelfestival

Share

I sendinga i går kveld hadde Siri Johannesen med seg Svein Erik Tandberg frå Vestfold orgelfestival. Dei snakka om det som skal skje av orgelmusikk og kyrkjemusikk i samband med festivalen, som finn stad i fleire byar i Vestfold, dei er endåtil innom Skien i Telemark ein tur. Her er programmet:

Onsdag 3. august

9:00-12:00 og 13:00-17:00: Mesterklasse om César Franck  v/ Vincent Dubois i Skien kirke, etterfølgt av sosialt samvær med quiz. (Til deltagerne på mesterklasse: vi anbefaler overnatting i Skien!)

12:00-12:30: Orgelmatiné v/ William Whitehead i Tønsberg domkirke

Torsdag 4. august

09:00-12:00: Mesterklasse om César Franck v/ Vincent Dubois i Skien kirke
14:00-17:00: Workshop “Orgelbüchlein project” v/ William Whitehead. Østre Porsgrunn kirke.
19:00-20:00: Konsert v/ Tine Thing Helseth og Vincent Dubois i Skien kirke

Fredag 5. august

09:30-12:00 og 13:00-17:00 Mesterklasse om Max Reger v/ Ludger Lohmann i Tønsberg domkirke
19:00-21:00: Konsert v/ William Whitehead i Sandefjord kirke

Lørdag 6. august

9:00-12:00: Mesterklasse om Max Reger v/ Ludger Lohmann i Tønsberg domkirke
13:00-14:00: Foredrag om César Franck v/ Wilhelm Sollie i Mariakapellet i Tønsberg
19:00-20:00: Konsert v/ Wenche Henriksen og Elin Marie Christensen i Larvik kirke

Søndag 7. august

11:00-12:00: Festivalgudstjeneste i Tønsberg domkirke
15:00-15:40: Ettermiddagskonserter rundt om i fylket v/ festivalstyret og andre instrumentalister. Tanum kirke, Sandar kirke, Andebu kirke, Hvasser kirke, Horten kirke og Holmestrand kirke
19:00-20:00: Avslutningskonsert v/ Ludger Lohmann i Tønsberg domkirke

Folkemusikk og fisk

Share

I morgon er det fiskekonkurranse i Otra ved Sølvgarden. Knut Hagen var i Valle Radio og fortalde om arrangementet som Valle jakt- og fiskelag skal ha. Her kunne ein visst fiske med kva det skulle vere.

Kirsten Bråten Berg og Eldbjørg Trydal Rysstad fortalde om Setesdalskappleiken som no nærmar seg. Det skal vere folkemusikkvandring i år også, det var så populært at ein måtte ha fleire turar, det var visst plass til 50 på kvar tur. Men når ei heil gruppe frå Kristiansand bestiller plass, blir det fort fullt.

Eldbjørg er etter kvart blitt svært scenevand og har sunge for mange tusen, og ho var heller ikkje tung å be då Siri utfordra henne i radioen. Etter at dei hadde vore i radioen, snakka Siri med Liv Tanche-Larsen. Ho trong mange hjelparar til dei mange oppgåvene som må gjerast for å gjennomføre eit så stort arrangement. Vi fekk også høyre ein sang av Skranglebein, gjesteartist på festivalen. Etter det eg skjøner er rap-musikk folkemusikk frå Groruddalen.

Sist i den aktuelle timen var Sissel Åkre innom og fortalde om Valle bygdekvinnelag sine planar for hausten. Også der er det klart for å melde seg på kurs no.

Som vanleg slutta sendinga med Postludium, denne gongen var det også Preludium. Men det vil eg skrive litt om i morgon.

Aktiv sommar

Share

Ein aktiv sommar i Setesdal er også spegla i programmet i Valle radio i morgon kveld. Då har Siri Johannessen mellom anna fokus på folkemusikk, det er snart tid for Setesdalsfestivalen, kappleiken som vi sa før.

Valle jakt- og fiskelag skal ha fiskekonkurranse. Eg har jo lurt på om det er fisk mellom alt krypsivet i Otra, kanskje får vi vite noko om det i programmet.

Sjølv om det er sommar, veit bygdekvinnelaget at den går fort, så no er det tid for å presentere katalogen med kurs som skal vere til hausten. Det vil Sissel Åkre gjere.

Og så blir det både Preludium og Postludium til slutt.

Her er programmet:

Tirsdag 19. juli
Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret, programinformasjon, og kåseri ved Harald Haugland
18.15 Over en åpen bibel fra Norea ved Oddvar Søvik
18.30 Folk og musikk med

Kirsten Bråten Berg om folkemusikkvandring og Setesdalsfestivalen
Mer Setesdalsfestival med Liv Tanche-Larsen
Fiskekonkurranse! Knut Hagen fra Valle Jegar og fiskarlag
Sissel Åkre fra Valle Bygdekvinnelag om høstens kurskatalog
20.00 Preludium, gjest Svein Erik Tandberg fra Vestfold orgelfestival
20.30 Postludium med Svein Erik Tandberg og  Siri Johannessen

21.00 Kyrkjebakken

Ferietid

Share

I eit par veker har vi hatt feriefolk på besøk. Det har vore hyggelege dagar med mykje godt ver, sjølv om vinden ikkje var lagleg for turar på sjøen. Dei hadde med kajakkar på taket, men dei fekk dei vel bare brukt eit par gonger, og båten dei har hos oss, var heller ikkje så mykje brukt. Likevel vart det både ein makrellmiddag og ein torskemiddag på oss.

Heimturen gjekk også godt. Vi høyrde om ulukke på vegen mot Oslo i dag, men heldigvis var dei komne forbi så tidleg at dei ikkje vart særleg hindra av den.

No blir det nokre dagar utan feriefolk, men snart dukkar nye folk opp, denne gongen med sunnmørsdialekt. Det gleder vi oss til.

Medan vi ventar, må vi nytte høvet til å få laga nokre artiklar på Setesdalswiki, eg har vore slapp med å skrive inn overskrifter frå Setesdølen, men i kveld vart det litt. Så får vi sjå om det ikkje blir nokre fleire før vi får nytt innrykk.

Henrik Wergeland

Share

Då eg gjekk på realskulen, trur eg det var, skreiv eg eit lesarinnlegg i Stavanger Aftenblad. Eg hugsar ikkje kva det handla om, men den gongen honorerte avisa lesarinnlegg, så eg fekk nokre kroner. For dei kjøpte eg den tjukkaste boka eg nesten har i boksamlinga mi, Henrik Wergeland Samlede verker. Her fann eg denne sangen:

Den prektigkledde sommerfugl
er fløyet fra Guds hånd.
Han ga den gyldne ringer
og røde purpurbånd.

Han lærte den å flyve høyt,
høyere enn jeg er.
Den har nok fuglens lyster,
men ei dens dun og fjær.

Og alle verdens mennesker
og alle kongebud
ei gjøre kan en sommerfugl.
Det kan alene Gud

Dagpåfugløye (Heteroneura)

Bildet av dagpåfugløye er frå Wikipedia si side om sommarfuglar: https://no.wikipedia.org/wiki/Sommerfugler

Mandalsprat

Share

I dag kom Torbjørn Greipsland på besøk. Han ferierer jo i Mandal kvart år, så dei siste åra har vi hatt gleda av å kunne møtast og løyse store og små problem. Han hadde vore på presentasjonen av boka som eg skreiv om tidlegare, Bygdebok for Halse og Harkmark, bind 3. Den låg framme på bordet i stova, og han var svært oppglødd over å kunne sjå litt ekstra i den.

Han og Reidun hadde mange felles kjente, så praten gjekk livleg mellom dei, men eg måtte helst melde pass, for eg er jo ikkje barnefødd her sør, så det er mangt og mykje eg veit lite om. Men det var interessant å høyre på.

Det har ikkje blitt så mykje skriving på Setesdalswiki i det siste. Men i dag kom det ein ny brukar og skreiv litt, og det var eg takksam for. Kan hende blir det meir, det ville vore gildt.