Bloggferie

Share

Det er visst helst ferie på bloggen så vel som elles i landet. I går heldt eg senga det meste av dagen, eg hadde feber og var uvel i kroppen. Men eg sov det av meg, -du sov jo heile dagen, sa Reidun.

Dermed fekk eg heller ikkje høyre Valle radio, men sendinga gjekk slik ho var kunngjort. Vi har feriefolk frå Sunnmøre her denne veka, og då sit ein ikkje med øyretelefonar for å høyre på Valle radio, så eg hadde nok heller ikkje høyrt på om eg ikkje var i senga.

Med mange folk i stova kan vi ha quiz, og det hadde vi i kveld etter at sunnmøringane kom tilbake frå Dyreparken. Lang dag, 20.000 skritt, då kan ein vere noko trøytt i føtene. Henrik var rask til å strekke ut føtene i sofaen då han kom tilbake.

Reidun fekk nytt puslespel, og då er spisebordet vårt okkupert i alle fall til det er pusla ferdig. Sigmund vart med henne, han har sett nok fotballkampar i livet, seier han. Som lyd- og bilde-teknikar har han nok det, i mange år jobba han med sport gjennom selskapet NEP.

Eg har ikkje slikt tålmod, så eg valde heller fotballkamp. Svigerdotter Margaret likar best å sjå kampen utan lyd, og det var ei ny oppleving for meg, men positiv, så det kan godt tenkjast at eg held fram med det også når sunnmøringane er reiste. Av tre vekers ferie får vi ei veke, og det er moro å sjå barnebarna vekse og prate litt med dei. Årets store glede er eit lite helikopter Henrik øver seg på å fly.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.