Ferietid

Share

I eit par veker har vi hatt feriefolk på besøk. Det har vore hyggelege dagar med mykje godt ver, sjølv om vinden ikkje var lagleg for turar på sjøen. Dei hadde med kajakkar på taket, men dei fekk dei vel bare brukt eit par gonger, og båten dei har hos oss, var heller ikkje så mykje brukt. Likevel vart det både ein makrellmiddag og ein torskemiddag på oss.

Heimturen gjekk også godt. Vi høyrde om ulukke på vegen mot Oslo i dag, men heldigvis var dei komne forbi så tidleg at dei ikkje vart særleg hindra av den.

No blir det nokre dagar utan feriefolk, men snart dukkar nye folk opp, denne gongen med sunnmørsdialekt. Det gleder vi oss til.

Medan vi ventar, må vi nytte høvet til å få laga nokre artiklar på Setesdalswiki, eg har vore slapp med å skrive inn overskrifter frå Setesdølen, men i kveld vart det litt. Så får vi sjå om det ikkje blir nokre fleire før vi får nytt innrykk.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.