Folkemusikk og fisk

Share

I morgon er det fiskekonkurranse i Otra ved Sølvgarden. Knut Hagen var i Valle Radio og fortalde om arrangementet som Valle jakt- og fiskelag skal ha. Her kunne ein visst fiske med kva det skulle vere.

Kirsten Bråten Berg og Eldbjørg Trydal Rysstad fortalde om Setesdalskappleiken som no nærmar seg. Det skal vere folkemusikkvandring i år også, det var så populært at ein måtte ha fleire turar, det var visst plass til 50 på kvar tur. Men når ei heil gruppe frå Kristiansand bestiller plass, blir det fort fullt.

Eldbjørg er etter kvart blitt svært scenevand og har sunge for mange tusen, og ho var heller ikkje tung å be då Siri utfordra henne i radioen. Etter at dei hadde vore i radioen, snakka Siri med Liv Tanche-Larsen. Ho trong mange hjelparar til dei mange oppgåvene som må gjerast for å gjennomføre eit så stort arrangement. Vi fekk også høyre ein sang av Skranglebein, gjesteartist på festivalen. Etter det eg skjøner er rap-musikk folkemusikk frå Groruddalen.

Sist i den aktuelle timen var Sissel Åkre innom og fortalde om Valle bygdekvinnelag sine planar for hausten. Også der er det klart for å melde seg på kurs no.

Som vanleg slutta sendinga med Postludium, denne gongen var det også Preludium. Men det vil eg skrive litt om i morgon.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.