Frå blogg til wiki

Share

I går la eg ut programmet for Orgelsommer i Bergen på bloggen. I kveld laga eg ein artikkel på Setesdalswiki om arrangementet. Det er jo langt borte frå Setesdal, men kan hende er det nokon som les bloggen som er i Bergen og kan gå innom og høyre. Setesdalswiki skriv jo mykje om orgel, for det er ein spesialitet for Valle radio og Setesdalswiki skriv om programma i den radioen.

No kan det bli artiklar om organistane som spelar på desse konsertane, for eg likar å ha ei raud lenke å gå ut frå. Wiki lenker saman artiklar gjennom blå lenker, så når ei raud lenke er blitt blå, betyr det at det er ein ny artikkel der.  Komponistar for orgel og organistar er godt stoff for Setesdalswiki. Misjonærar, prestar, predikantar og anna innan kyrkje og kristenliv er også godt stoff. Finn eg kjelder til leksikonstoff frå Setesdal er jo det det mest kjærkomne å skrive om.

Daagen i dag vart ein regnversdag. Vi har sommargjester og dei fann dagen høveleg for ein tur i Lyngdal badeland. Små og store koste seg der, men eg tok det med ro heime.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.