Grøt

Share

Laurdag er som oftast grøt-dag her i huset, og i dag var det ikkje noko unntak. Men ulikt andre dagar var vi fem til bords, for Rønnaug, Lars og Nikolai svinga inn i høveleg tid til grøten. Dei skal ha to veker ferie her i sommar, men resten av ferien sparar dei til hausten og reiser til Sør-Afrika for å vere med på skule-avslutning for Kristine.

Når vi har grøt, er det gjerne risgrøt og rømmegrøt på bordet. Klok av skade har eg lært meg å ta lite rømmegrøt, for om ein tek for mykje, seier det plutseleg stopp, og då klarar ein ikkje å få ned om så bare ei teskei etterpå. Magen vert mett lenge før auga.

Før folka frå Nittedal kom, hadde vi hatt mange timar med Tour de France. Kommentatorane snakka mykje om sidevinden som kom til å splitte feltet på Storebelt-broen, men når dei kom dit, sykla dei mest som ei samla gruppe utan nokon splitt. Dermed vart det spurtarane som kunne kjempe om å vinne.

Laurdag er det også ei god bunke aviser som ein skal gjennom, det tek si tid å lese både Lindesnes, Fævennen og Vårt Land. Veret heldt seg på opphald det meste av dagen, sjølv om det var utrygt for regn. Det er meldt regn til natta, men opphald att i morgon. Dermed får både naturen og feriefolka det dei treng.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.