Huset fullt

Share

Sommartid er ferietid, og i dag fekk vi besøk av fem sunnmøringar. Sigmund og familien kom for å vere hos oss nokre dagar, og for meg var det moro å sjå Johannes, yngste barnebarnet, på knapt eit år. I godveret krabba han ut på terrassen og inn i stova og koste seg veldig når han fekk reise seg opp ved gyngestolen vår.

Fredag er taco-dag, og små og store koste seg med lefser og fylte dei med det vi måtte ønske. Dermed vart det eit godt måltid som varte heilt til pausen i fotballkampen, då vart det litt påfyll att.

Om eg får skrive særleg mykje på Setesdalswiki, veit eg ikkje. Det er heller ikkje så viktig. Feriedagane med familien er prioriterte. Men om eg skulle skrive noko, måtte det kanskje vere å nytte dei røde lenkene i Sigmund sin artikkel om sunnmørsk middelalderhistorie som vi fekk legge ut for fleire år sidan.

Sunnmørsk middelalderhistorie på nett

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.