Mandalsprat

Share

I dag kom Torbjørn Greipsland på besøk. Han ferierer jo i Mandal kvart år, så dei siste åra har vi hatt gleda av å kunne møtast og løyse store og små problem. Han hadde vore på presentasjonen av boka som eg skreiv om tidlegare, Bygdebok for Halse og Harkmark, bind 3. Den låg framme på bordet i stova, og han var svært oppglødd over å kunne sjå litt ekstra i den.

Han og Reidun hadde mange felles kjente, så praten gjekk livleg mellom dei, men eg måtte helst melde pass, for eg er jo ikkje barnefødd her sør, så det er mangt og mykje eg veit lite om. Men det var interessant å høyre på.

Det har ikkje blitt så mykje skriving på Setesdalswiki i det siste. Men i dag kom det ein ny brukar og skreiv litt, og det var eg takksam for. Kan hende blir det meir, det ville vore gildt.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.