Turn the Radio on

Share

Ein av kveldens sangar i Valle Radio var Turn the Radio on. Det bør ein jo gjere på tysdagskveldane om ikkje stova er full av sommargjester. Her i huset har vi sommargjester, men eg har øyretelefonar og då kan eg dukke inn i mi eiga verd i alle fall av og til.

Dermed kan eg få med meg litt av Valle Radio, og i kveld var det jo interessant å høyre Terje Greibesland fortelje om Setesdal Biruter som ikkje fekk markere 100 år på grunn av korona. Dei skulle hatt med alle 300 tilsette til fest i Europa ein stad, eg hugsar ikkje kor. Men ikkje fekk dei det til i 2020, som var jubileumsåret, og heller ikkje året etter. Så no vart det bare ein festmiddag for dei. Men det er laga ei jubileumsbok, den hadde han akkurat fått frå trykkeriet, og den vil bli delt ut til alle som møter opp på Evje 13. august. Selskapet dekker no det meste av Agder etter å ha vunne anbod på kjøring. Dei har 500 bussar, men bare to lastebilar att, dei kjører varer til Evje og Hovden. Kostnadene til diesel og straum er store utfordringar i jubileumsåret, selskapet har så vidt begynt å bruke elektriske bussar. Og no må folk bruke setebelte i bussane.

Eg fekk også med meg innslaget frå speidarane frå Bykle og Hylestad som hadde vore på leir på Forsand og opplevd regn der dei vakna med fleire centimeter vatn i telta, for dei hadde leirplass i ei grop der vatn frå høgare plassar samla seg. Det vert nok eit morosamt minne, sjølv om det var tøft då det stod på.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.