Bytur

Share

I dag hadde eg ei innkalling til sykehuset for å få høyre kva legen der hadde å seie om blodprøvane eg tok tidlegare i veka. Eg skulle vere der alt klokka 10, så det var bare å få i seg frokost og kome seg av garde. Eg er heldig som har personleg sjåfør, då slepp Reidun meg av ved inngangsdøra og eg slepp å tenkje på parkering.

Det er ikkje uvanleg å måtte vente, ein gong måtte eg vente så lenge at eg slapp å betale, men denne gongen var det bare ein halv time. Eg kom i prat med han som skulle inn etter meg, han var over 80, men såg svært sprek ut. Han fortalde at han hadde løfta mykje tungt gjennom livet, og også vore ute for ulukker, men dei hadde vore flinke til å reparere han. I dag hadde han avtale om å drikke kaffe på Sørlandssenteret med ein kamerat, men når det vart så mykje venting, var det ikkje sikkert at han rakk det.

Legen brukte den halvtimen som var avsett til meg og vel så det og forklarte kva blodprøvane fortalde. Alt var som før pandemien, han ville ikkje endre på noko på reseptane eg alt hadde. Men han anbefalte meg å begynne å bruke Albyl-E, det er bra for hjartet, dei fleste legane over 45 år brukar det, sa han.

Vel heime måtte eg sjekke med svigersonen min som er patolog. Han var nok ikkje heilt enig og brukte det ikkje sjølv, men meinte det var nokså vanleg tidlegare. Så i morgon blir det nok handletur.

Kan være et bilde av innendørs

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.