Høyre seg sjølv

Share

I kveld kunne eg høyre meg sjølv i Valle Radio. Det var eit opptak av ein samtale eg hadde med Knut O. Nomeland om livet i Hylestad under 2. verdskrig, han var 22 år i 1940 og skulle mobiliserast. Men han var hovslagar, og det var det ikkje bruk for, så han slapp å vere med. Mange andre på hans alder vart mobiliserte.

I samband med at Bykle kyrkje er 400 år og at jubileet skal markerast første sundag i september hadde Siri Johannessen ein samtale med Bernt Berntsen, som var med i Valle Radio for første gong. Han var kyrkjetenar der i mange år. Det vart ein svært interessant samtale der han fortalde om kyrkja, både det ein kan sjå og det ein ikkje kan sjå. Etterpå kom Else Gyro Rysstad inn og fortalde om jubileumsplanane, dei hadde invitert både Kongen og biskopen, men ingen kunne kome, så det vart prost Gunnar som kom til å vere med. Det blir messe i nykyrkja, middag  på hotellet og sidan samling i kyrkja att og open gamlekyrkje.

Det var to som var med i Valle Radio for første gong, den andre var Vigdis Jeiskelid. Ho fortalde om sogelagsvandringa fra Systog Dalen til Hartevatn, der ho skal vere turleiar og fortelje om det ein kan sjå på turen.

Sjølv var eg også på tur i dag. Reidun kjørte meg ein tur til Kristiansand for å levere sju glass blod og eit anna glass, du kan nok tenke kva det var, før eg til fredag skal ha ein samtale med ein lege der. Bildet under er frå Nye veier sin nye veg. Det blir flott når det blir ferdig. Innover kjørte vi gamlevegen, og eg var overraska over kor mange som nytta den av møtande trafikk og slik sparte 22 kroner.

Kan være et bilde av tre, vei, natur og himmel

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.