Meir D-vitamin

Share

I dag svinga Jorunn og Ole Thorvald Moen innom etter å ha vore ein tur hos Torunn Irene i Kristiansand. Ho spelar obo i Kristiansand symfoniorkester, og når begge foreldra er opptekne med jobb, er det fint å ha besteforeldre som kan stille opp og passe ungar.

Barna våre er for langt unna til at vi kan passe barnebarn, nå er dei forresten så store at dei ikkje treng så mykje barnepass.

I det fine veret kunne vi også i dag sitje ute i sola og få i oss D-vitamin i fleng. Reidun hadde kaffi klar og gjestene hadde kaffimat, då er det enkelt. Medan vi sat der, ringde Jorunn sin telefon. Dei trong organist i Farsund kirke laurdag, det skulle vere bryllup. Paret ville ha musikk på Spotify til inngang og utgang, og som vikarorganist er det enkelt å seie ja, sjølv om ein helst ikkje likar det og meiner at levande musikk bør vere musikk i ei så viktig hending i livet. Det har vore ein stor debatt om det mellom organistar i ei gruppe på Facebook i lang tid no.

Eg likar å ta eit bilde når vi har besøk og slik dokumentere det. Jorunn var ikkje så glad for bilde i dag, så eg redigerte henne bort. Dermed er det bare Reidun og Ole Thorvald på bildet.

Kan være et bilde av 2 personer, folk som sitter og utendørs

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.