Overraskande besøk

Share

I føremiddag ringde telefonen. Det var ein elev eg hadde då eg var rektor på Hadsel folkehøyskole på Stokmarknes. Han gjekk der for 40 år sidan, og no hadde han lyst å kome på besøk, for han og familien var i Kristiansand.

Dei hadde leita lenge etter meg, for han ville gjerne takke for hjelpa eg hadde gitt han. Han hadde studert vidare og fått seg utdanning som ingeniør. I nærare 20 år hadde han jobba i Norsk folkehjelp. Kona hans hadde økonomisk utdanning og jobba i Oslo kommune, der dei hadde slått seg ned.

Yitagesu Woldehana er frå Etiopia. Den gongen hadde folkehøgskolane ein kvote på utanlandske studentar dei kunne ta opp, og år om anna hadde vi fleire slike studentar. Han fortalde at eg hadde gitt han sommarjobb medan han studerte, så han hadde malt, klypt plenane og gjort anna forefallande arbeid i sommarferiane. Det hadde eg heilt gløymt.

Då han gjekk på skulen, fekk han eit passbilde av meg. Det sende han til søstera, som malte eit bilde av meg og som han gav meg i gåve som takk for hjelpa han hadde fått.

-Du er blitt lågare, sa han då vi helsa på kvarandre. Det er nok sant, ein skrumpar med alderen. Men han kjende att haugen med aviser, slik var det på kontoret mitt på Stokmarknes også.

Praten gjekk i eit par timar, dei hadde nettopp vore i Addis Abeba for å besøke familien. No hadde dei teke turen til Mandal for å besøke sin norske familie. Vi prøvde å ringe Ida Opgård, som var husmor på Hadsel då han var der, men ho svarte ikkje. I kveld fekk vi kontakt med henne og bar fram helsing til henne.

Det var verkeleg eit overraskande besøk.

Kan være et bilde av 2 personer, folk som sitter og innendørs

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.