Oversyn over hausten

Share

I morgon skriv vi 1. oktober og komande onsdag er det min tur til å ha sending i Valle Radio. Eg burde nok helst slutte med det, sjølv om teknikken gjer det mogleg og Setesdølen gir meg informasjon om ting som hender i Setesdal, er eg jo meir på avstand frå livet i dei indre bygdene når eg held til her i Mandal.

Men enn så lenge er eg med, i haust blir det tre sendingar på meg etter den oppsette planen, så eg får prøve å følgje med så godt eg kan. Kvart halvår lagar Ørnulf ei liste over kven som skal ha oppgåver i radioen og sender den ut til oss. I kveld fekk eg endeleg lagt den ut på Setesdalswiki, så no kan du gå inn der og sjå kven du skal kontakte om det er noko du vil ha med i radioen.

Berit Henriksen i Folkeakademiet er flink til å tipse oss om folk dei får på besøk. Ofte blir det då innslag i Valle Radio med dei. Publikum blir vonleg ikkje mindre med slik førehandsomtale. Til onsdag har eg fått med meg Gro Anita Homme, ho skal ha eit innslag i Kulturveka 2022, og då kan det vere interessant å snakke litt på førehand.

Elles blir det ofte at ein finn noko interessant i avisa og spinn vidare på det. Slik blir det nok for meg denne gongen også. Men det får vi kome tilbake til.

Kontroll

Share

Når ein er fem og sytti, song Wenche Myhre i kveld. Vi er like gamle, så eg kan vel også synge det. Men eg er ikkje så sprek som ho, så i dag måtte eg ein tur på sjukehuset for kontroll av lunger og pust. Om natta har eg pustehjelp, BIPAP kallast det. No skulle sjukepleiaren kontrollere korleis stoda var etter at eg hadde hatt ei slik  måling i natt. Då ligg eg med eit fingerbøll som registrerer det som skjer.

Sørlandet sjukehus Kristiansand er eit sjukehus som legg under seg mykje areal. Eg sa til Reidun at om dei hadde bygd i høgda i staden for å breie seg ut på Eg, så hadde det vore lettare for mange, då kunne vi nytta heis. I dag måtte ho kjøre meg i rullestol gjennom lange gangar før eg kom til laboratoriet der dei skulle ta prøvane.

Prøvane var fine, det lite endring i høve til tidlegare, så dei trong ikkje justere verken medisin eller teknisk hjelp. Eg fekk ei ny maske som ikkje klemmer over ørnenasen min, sjukepleiaren måtte hente tre-fire før ho fann ei som fungerte godt nok.

Denne gongen var Reidun med gjennom heile prosessen og fekk sjå korleis det fungerer. Elles når vi har vore til kontroll, har ho hatt seg kaffi medan ho venta. Denne gongen var vi begge ganske svoltne då vi kom heim etter fire timar på farten.

Medan sjukepleiaren var på leiting etter masker, tok eg dette bildet frå eit sjeldant sterilt kontor: Bord og tre stolar, det var alt.

Kan være et bilde av blomst og innendørs

 

Protest

Share

I kveldens sending i Valle Radio var det ikkje vanskeleg å høyre Johs. Bjørkeli sin indignasjon over krigen i Ukraina. Han avslutta sendinga med countrymusikk, som så ofte før, men lufta meininga si om den aktuelle situasjonen.

Før dette høyrde vi Ann Christin Jacob i Kommunen informerer, ho nytta stoff frå Bygdenytt for oktober, som no var klar til utlevering.

Deretter var Sigri Åkre i studio saman med Ørnulf Hasla for å snakke om sauesjåmarknaden, der det blir stor ståhei med sauer, folk, handel på marknad med 40 seljarar, suppe i Sæbyggjen, i det heile ein marknad av godt, gammalt slag.

Så var Sigurd Langeid på telefonen. Han kunne fortelje at godt politiarbeid hadde oppklart saka med innbrot i Grendi, endåtil ein stor del av tjuvegodset var kome til rette. Så minna han om at i mørket ser ein ikkje folk som ikkje har refleks, så no var det viktig å passe på å nytte refleks.

Frå Bykle fekk vi høyre Tor Bernhard Sagland om TV-aksjonen 2022. Den er 23. oktober og går til Leger Uten Grenser.

Ein variert kveld i radioen, med Johs. sin protest til slutt.

Ny prest

Share

Den  nye presten i Valle, Toralv Frøysaa Lie, var gjest i studio i Valle Radio i kveld. Her fekk vi høyre at han gjekk på Hornnes landsgymnas, studerte to år på Misjonshøgskolen i Stavanger, men sidan fullførte teologistudiet på Menighetsfakultetet i Oslo.

Seinare var han prest fleire stader, både i Rogaland og Agder, men også i Nord-Norge, meiner eg at han sa. Eg burde jo teke notatar, slik at eg hadde noko meir handfast å gå ut frå når eg skulle skrive blogg, men slik vart det ikkje.

Eit tema dei snakka om, var Celebrate Recovery, som han har vore engasjert i. Organisasjonen sitt hovudkontor i Norge ligg i Iveland. Det er eit tolv-trinns program og liknar på det som Anonyme Alkoholikarar har, der ein skal kome ut av avhengigheit.

Celebrate Recovery er et kristent 12 trinns program som tilbyr hjelp til mennesker som opplever vanskeligheter i sine liv. Angst, depresjoner, smerte, sorg, avhengighet og medavhengighet er bare noen eksempler på hvilke vanskeligheter dette programmet hjelper norske kvinner og menn med i dag.

Dersom du opplever at du ikke mestrer ditt liv, at du sliter med avhengighet, angst, sinne, medavhengighet eller på andre måter føler at livet er vanskelig, da skal du vite at du ikke er alene. CR kan tilby deg et trygt sted der du kan jobbe med dine problemer i et trygt og inkluderende miljø. Celebrate Recovery er et Kristus sentrert program som består av et fellesskap av mennesker som erkjenner forskjellige problemer i sine liv. Vi møtes en gang i uken til undervisning og til samlinger i grupper som er relaterte til vårt tilfrisknings område. Her er det ingen som vil forsøke å «fikse» deg. Men du vil oppleve at du gjennom samvær med andre mennesker som er i samme situasjon som deg, vil bli satt i stand til å gjøre de endringene i eget liv som er nødvendige. Gjennom undervisning, lovsang og ved å sette ord på egne tanker, følelser og handlinger i delegruppene opplever vi at mennesker blir satt i frihet fra ting som har preget dem i årevis. En sponsor som står ved din side, trinnstudie til opplæring, delegruppene for egenterapi og fellesskapet med andre «ekte» mennesker som en sosial støtte gir en flott atmosfære som tilrettelegger for arbeidet med egen tilfriskning.

 

Celebrate Recovery programmer ble opprettet/utformet av John Baker i samarbeid med Rick Warren, pastor i Saddleback Community Church (USA) i 1991. Celebrate Recovery Norge er en offisiell samarbeidspartner med CR i USA med hovedkontor i Iveland. Celebrate Recovery startet i Norge i 2007.

Siden arbeidet startet i 2007 har mange mennesker fått hjelp, og CR er i ferd med å etablere seg på andre steder i Norge.

Tre sendingar

Share

Denne veka er det tre sendingar i Valle Radio.

Tirsdag 27. september

Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret

18.15 Over en åpen bibel med  Svein Anton Hansen fra Norea
18.30 Sang og musikk

Country Gospeltimen ved Per Govertsen med Hans Petter Martinsen som gjest

19.30 Aktuell time med bl.a.:
den nye presten i Valle og Bykle: Toralv Frøysaa Lie

pTro-gjesten: Per Ove Berg – Trygg på farlige reiser
20.30 Postludium med Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken
Onsdag 28. september
Tekniker: Jørund Georg Jore
10.45 Direktesendt styremøte i Setesdal regionråd
Onsdag 28. september
Tekniker og ansvarlig: Siri Johannessen
19.00 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
19.30 Kommunen informerer med Ann Christin Jakob, leiar HR og velkomstsenter
20.00 Timen med Sigri Åkre og Tarald Myrum fra Sauesjåmarknaden
Sigurd Langeid fra politiet, og Tor Bernhard Sagland om TV-aksjonen 2022 i Bykle
21.00  Musikk med Johs, Johs Bjørkeli med musikk og historier knyttet til den
Siste del av timen tirsdag:

Rystande lesning

Share

I dag har eg lest boka Frihetens øyeblikk av Abida Raja. Det var rystande lesning. Ho har fortalt til journalisten Håkon F. Høydal, boka kom ut på J. M. Stenersens forlag og er på 255 sider. Den har små kapittel og er delt i fleire deler. Slik blir ho lett å lese og har eit driv framover som gjer at ein knapt kan legge ho frå seg før siste side.

Her er innhaldslista:

1. Hun som tilber
2. Oppvekst
3. Den nye søsteren
4. 7-Eleven
5. Flukten
6. Gift
7. Det nye hjemmet
8. Gravid
9. Fødsel
10. Fanget
11. Kulden
12. Velstand
13. Oslo Krisesenter
14. Bevegelse
15. Dråpen
16. Sebbelow
17. Farvel til barna
18. Et glimt av frihet
19. Alene
20. Drømmene
21. Barna
22. Stå alene
23. Mekka
24. Anmeldelsen
25- Frihetens øyeblikk
Arbeidet med boken
Håkons takk
Abidas takk
Litteratur

Portrettfoto av Håkon Høydal og bokomslaget til Abida Rajas Frihetens ØyeblikkAnmeldelse: «Abida Raja. Frihetens øyeblikk» av Håkon F ...

Hyggeleg besøk

Share

I dag kom James Karlsen og Ellen Eskeland på besøk. Dei var på sykkeltur og svinga innom, og det høvde godt, for Margunn hadde baka eplekake. Dermed fekk vi ein hyggeleg prat i sola på terrassen, og regndråpane heldt seg borte (med unntak av eit par) medan dei var her.

Ellen er Reidun sitt søskenbarn, og når familiar samlast, blir det gjerne litt snakk om slekt. Vi er så gamle at det betyr barn og barnebarn. Men vi snakka også litt om at dei har feriehus i Finnmark, i Lindesnes var det eit oppslag om det, og det var truleg ikkje mange i kommunen som hadde lenger reiseveg for å kome på hytta.

James tok eit bilde, men Ellen ville ikkje at det skulle leggast ut på Facebook, så eg kan ikkje dele det med dykk som les bloggen.

Men eg kan dele med dykk bildet frå Finnmark, som James tok då  dei var der i sommar og plukka molter. Var det 25 kg dei fann, tru?

Kan være et bilde av natur

Fortare no

Share

I dag runda vi eit nytt hundretal på Setesdalswiki. Denne gongen brukte vi bare gode tre veker på 100 nye artiklar. I dag runda vi 94 800 med artikkelen Harald Stulien Robstad: Oppfinnaren på Syrtveit som Geir la ut mest før eg hadde stått opp. Så kan hende vi klarar 100 til før det blir oktober. Men då må vi setje opp farten ganske mykje, for det jo bare ei god veke til det. Uansett, takk til alle som er med på å lage dette lokale leksikonet med perspektiv langt, vidt og breitt.

Vi har med stoff om Setesdal og Agder, men også om bøker og om misjonærar, prestar, predikantar, sangar, forfattarar og eg veit ikkje kva. Om eg hadde vore ein driven forfattar, ville eg nok repetert det både ein og fleire gonger, slik at det gav atterklang, men eg får klare meg som best eg kan og seie alt mogleg som det er naturleg å skrive om ut frå dei røde lenkene som ligg i leksikonet.

I samband med dette har eg sagt fleire gonger at eg gjerne hadde sett at fleire vart med i dugnaden, men så lagt vil eg takke dykk som skriv saman med meg for at dette skal bli eit lokalt leksikon med særpreg.

Snørr

Share

Eg hadde tenkt at i dag skulle eg vere litt produktiv og prøve å skrive slik at vi nådde eit nytt hundretal på Setesdalswiki. Men den ambisjonen rann ut i snørr, heldigvis ikkje tårer. Ein kan ikkje skrive når det er fare for at snørret dryp ned i tastaturet.

I staden vart det ein roleg dag i senga der ein bare kunne drøyme seg bort til eit liv utan snørr, for av ein eller annan merkeleg grunn, så stoppar snørret når eg søv.

Eg veit ikkje om det var i dag eller i går eg høyrde på radioen før eg sovna. Der snakka dei om alt det gode som skjer i hjernen når ein søv. Då vaskar hjernen seg og sorterer inntrykka ein har som vaken på plass i medvitet. Så kan ein stå opp og vere klar til ein ny dag.

Dei hadde forska på mus og sett korleis aktiviteten i hjernen var i sovande og vaken tilstand. Det er litt vanskeleg å gjere det same på folk, men forskarane rekna med at prosessane var dei same.

Om det går fortare eller seinare når snørr vert blanda inn, snakka dei ikkje om. Ein kunne sende inn spørsmål om det var noko ein lurte på, men akkurat då lurte eg ikkje på det. Ofte er det jo slik at ein kjem på dei lure spørsmåla når det er for seint å stille dei.

Usemje

Share

Det er visst brann i rosenes leir, som det heiter, i alle fall var det usemje i Valle kommunestyre i kveld. Saka gjaldt straumstøtte, der Kim Pedersen i ein interpellasjon ville gi straumstøtte til alle. Ordføraren sa nei til å handsame saka, grunngjevinga var at det var ei sak med høg kostnad, og då ville han sjå det saman med budsjettet. Og slik vart det, det er retten hans, sa Kim Pedersen etter møtet til avisa Setesdølen.

Først i møtet var Rolf Velle frå NAV Midt-Agder orienterte om verksemda. Så kom desse sakene:

PS 62/22 Referatsaker
RS 31/22 Kvittering på innsendt høyringssvar på Valle kommune
RS 32/22 Brev frå ordførar i Sirdal og svar frå AU
RS 33/22 Melding om vedtak: Bruk av konsesjonskraftmidlar til å utvikle infrastruktur i Setesdal
RS 34/22 Møteprotokoll styremøte i Setesdal IPR 22.06.2022
RS 35/22 Møteprotokoll representantskap Setesdal IPR 22.06.2022
RS 36/22 Møteprotokoll styremøte SVR 20.06.2022
RS 37/22 Protokoll representantskapet Setesdal Brannvesen IKS 10.06.2022
RS 38/22 Møtebok Valle kontrollutval 17.08.22
RS 39/22 Uttale frå fylkeseldrerådenes landskonferanse 07.-09.06.2022
RS 40/22 Kopi – Vidare utbygging av riksvegane i Agder – bekymring
RS 41/22 Melding om interesse for deltaking i pilotprosjekt – bygdevekstavtale region Setesdal

Saker
PS 63/22 Førespurnader
PS 64/22 Ordførar orienterer
PS 65/22 Søknad om skjenkebevilling/utvida areal, laurdag 22.10.2022 – Bykle hotell AS
PS 66/22 Prinsipp/grensesnitt for tilkopling av stikkleidningar til kommunale trykkleidningar (pumpeleidningar)
PS 67/22 Heilskapleg plan for oppvekstsektoren 2022-2028
PS 68/22 Søknad om midlar til stilling som miljøarbeidar – Setesdal vidaregåande skule
PS 69/22 Tilstandsrapport for barnevernet frå 2021
PS 70/22 Flaggreglement for Valle kommune
PS 71/22 Leigeavtale for gymsal ved Setesdal Folkehøgskule
PS 72/22 Detaljregulering for Osenausen (PlanID: 202001) – Slutthandsaming
PS 73/22 Koordinatorstilling for Tovdal vassområde