Misjonæralbum

Share

I dag runda vi eit nytt hundretal med nye artiklar på Setesdalswiki. Då skreiv eg dette på Såpekassen, som er diskusjonssida til nettstaden og som det ikkje er særleg diskusjon på:

Endeleg, må eg vel seie om eg tenkjer på talet på artiklar på Setesdalswiki, runda vi eit nytt hundretal. Med artikkelen Misjonæralbum såg vi artikel nr. 94 800 og det var Siri som skreiv den. Ho har dukka ned i artiklar om prestar og misjonærar både her i landet og i USA den siste tida, og det er ei glede å sjå det ho har kome fram til. Vi brukte tre og ein halv månad på 200 nye artiklar denne sommaren, men no er det haust, så kanskje kan vi kome opp i noko høgare produksjonstal framover. Vi har jo hatt eit mål om hundre nye kvar månad i snitt, så får vi sjå om vi klare det når året er omme. —Harald Haugland (diskusjon) 1. sep. 2022 kl. 23:24 (CEST)