Marknad

Share

I dag var det marknad på Omland grendehus, den gamle skulen som Reidun gjekk på då ho vaks opp. Det er ikkje så mange arrangement der i løpet av eit år, men i dag møtte mange opp for å sjå kva bygdefolk ville by fram for sal. Arne Frivoll, lastebilsjåfør-pensjonist er ein kunstnar ved dreiebenken, så Reidun sikra seg noko av det han hadde laga. Ho kom også heim med eit glas eplegele, den må nok etast med andakt, for glaset var ikkje veldig stort.

Eit slikt arrangement gjev også høve til å slå av ein prat med folk i bygda, og i dag var det så godt ver at det også var høveleg å sitte ute, bygdelaget har fått tak i eit rasteplassbord ein kunne samle seg rundt. Sjølv hadde eg bare ein rast ved kjøkkenbordet her heime, dørstokkmila er ganske lang for meg. Så sat eg der med mi brødskive og kunne sjå at Reidun også hadde vore på butikken, for plutseleg blinka ein bil inn til oss og rett i garasjen. Då var det bare å glede seg til grøt i kveldinga. Eg trur det var Gitte Garvik som tok bilda, som eg har henta frå Omland bygdelag si Facebook-side.

Kan være et bilde av 9 personer, folk som står og innendørs

Ingen bildebeskrivelse er tilgjengelig.