Konkurranse

Share

Lokalradio har konkurranse i mediebildet. I kveld starta Farmen på TV2, og då er det mange som heller ser på det programmet enn leitar seg fram på radio for å høyre på lokalradio. Dermed var det ikkje så mange som ringte inn til Opi sending med Jorunn og Kåre. Jorunn hadde laga nokre nye typar rebusar, men det vesle eg høyrde, virka ikkje til å vere nok til å få telefonane til å gå varme. Sjølv ringde eg inn på den første, og det var ikkje noko ventetid for å kome gjennom.

Elles i sendinga var det ein reportasje Ørnulf Hasla, kveldens ansvarlege, hadde laga i samband med Setesdalsfestivalen i sommar. Her fekk vi høyre ein prat med Bjørn Tomren og Liv Bakke Kvinlog, musikkinnslag og prat med unge deltakarar.

Eg trur nok det er viktig å tenke over korleis lokalradioen skal møte konkurransen frå konkurrentane. Eg tenkjer at det er viktig å ha innslag som bringer positive nyheiter. Kan hende må vi også prøve å gi informasjon om innhaldet i sendingane før dei går på lufta.

Eg har av og til sagt at vi nok har nokre hundre lyttarar, sjølv om det er få som ringer inn. Vi har ikkje lyttarundersøkingar som kan seie noko om kor mange som høyrer på Valle Radio. Det er mange som høyrer utan å ringe inn, tenkjer eg. Men når vi ser korleis program på TV blir forhåndsomtalt i fleire dagar før dei går på lufta, skjøner vi nok at lokalradioen har ein jobb å gjere om vi skal bli så relevante for lyttarar at dei prioriterer å høyre på oss.