70 år

Share

I dag var ein epoke over då dronning Elisabeth II gjekk bort, ho hadde vore 70 år på trona. NRK dekka hendinga og la om heile programmet. Vi fekk med oss litt av det, men sjølv om Norge og Storbritannia står kvarandre nært, er det nok litt ulikt korleis vi opplever det her i landet.

Då vi var på klassetur til London med avgangsklassen på Valle skule for mange år sidan, var eg utanfor Buckingham Palace. I dag var plassen stappfull av folk, den gongen kom eg heilt bort til gjerdet, men det var jo langt opp til slottet. Vi var også i Westminster Abbey, men vi kom på ingen måte nær dei kongelege.

Då var vi kan hende nærare våre eigne kongelege då dronning Sonja opna Setesdalsmuseet og vi fekk vere med på middagen med kongeparet saman med ganske mange i Valle.

Far fekk Kongens fortenstmedalje, då var han på Slottet i Oslo og takka, og slo av ein prat med vår konge. Diplomet far fekk, arva eg etter han, det heng her i huset.

Ho var altså dronning i Storbritannia så lenge eg kan hugse. Nå er ein epoke over.