Ei rar bok

Share

Dei siste dagane har eg lese ei rar bok. Ann O’Loughlin er ein irsk forfattar, forlaget presenterer henne slik:

Ann O’Loughlin er en anerkjent journalist, og har jobbet i Irish Independent, Evening Herald og Irish Examiner. Hun har gitt ut to bøker på norsk, Kafeen på Roscarbury Hall og Dommerfruen. Hennes tredje roman på norsk, Minneteppet, kommer våren 2019. Hun bor på østkysten av Irland sammen med ektemann og to barn.

Boka eg har lese er Kafeen på Roscarbury Hall og dei 334 sidene måtte eg helst slite for å fullføre. Men eg sa til meg sjølv at eg får prøve å fullføre når eg no først har fått boka i hendene.

Kvinnene i boka er to eldre søsken, spinsters, ville dei kanskje blitt kalla på engelsk. Dei har begge vore forelska i same mannen, men bare den eine fekk han. No lever dei i kvar sin del av huset, og for å prøve å få inntekt til å halde på huset, opnar den eine søstera ein kafe. Det verkar som om kafegjestene kjem kvar dag etter messa i kyrkja om morgonen for å ta ein kopp kaffe eller te og sladre litt før dei startar dagen.

No er eg ikkje så kjent med katolske tradisjonar i Irland, men at folk går til messe kvar morgon, verkar noko i meste laget. Inn i dette miljøet kjem ei amerikansk kvinne på leiting etter røtene sine. Ho er kreftsjuk og oppgitt av legane. Som barn vart ho adoptert til USA av nonner i eit kloster som hjelpte mødre som hadde fått barn utan å vere gift.

Eg tenkte eg skulle skrive om forfattaren og bøkene ho har skrive på Setesdalswiki, men eg finn ikkje fødselsår, heller ikkje med Margunn si hjelp, så eg trur eg droppar det.

Eg likar at artiklane i det minste har fødselsår. I dag hadde Geir skrive ein artikkel om Karl Kallhovd utan å ha fødselsår. Men eg var heldig og fann omtale av at han var 60 år i Varingen, avisa for Nittedal, så då kunne eg legge det til.

Kafeen på Roscarbury Hall av Ann O'Loughlin (Heftet)