Kongeleg

Share

I dag fekk vi som såg på dansk TV vere med på å feire at dronning Margrete av Danmark hadde 50 år på trona. Det starta klokka 10, så dei kongelege måtte tidleg opp, det var mange av dei, i tillegg til andre presidentar og parlamentarikarar og offisielle folk frå mange land. Etter gudstenesta kom limousinar på rekke og rad for å hente dei prominente gjestene, dei skulle visst til eit arrangement på Dannebrog.

Flott musikk fekk vi, endåtil frå Grønland og Færøyene, biskopar i fargerike bispekåper og prestar med pipekrage og svarte samarier, slik prestar har i Danmark, og slik det var i Norge før i tida. Etter det eg kunne sjå, song alle, det var mest så taket løfta seg, og det er høgt under taket i Københavns domkirke.

Etter ein så flott gudsteneste måtte vi jo mest ha kyrkjekaffi her heime og. Sidan vart det laksemiddag, då var Siri Johannessen på besøk hos oss, og sanneleg vart det ikkje også plommegrøt til dessert. Siri hadde med boka om Setesdal Bilruter: Livsnerva gjennom Setesdal. Den gleder eg meg til å lese, kan hende vil noko av det eg finn der også finne vegen til Setesdalswiki.

Her har vi bilde avisa Setesdølen har teke av boka og forfattar Leonhard Jansen:

Spennande bilrutehistorie