Snørr

Share

Eg hadde tenkt at i dag skulle eg vere litt produktiv og prøve å skrive slik at vi nådde eit nytt hundretal på Setesdalswiki. Men den ambisjonen rann ut i snørr, heldigvis ikkje tårer. Ein kan ikkje skrive når det er fare for at snørret dryp ned i tastaturet.

I staden vart det ein roleg dag i senga der ein bare kunne drøyme seg bort til eit liv utan snørr, for av ein eller annan merkeleg grunn, så stoppar snørret når eg søv.

Eg veit ikkje om det var i dag eller i går eg høyrde på radioen før eg sovna. Der snakka dei om alt det gode som skjer i hjernen når ein søv. Då vaskar hjernen seg og sorterer inntrykka ein har som vaken på plass i medvitet. Så kan ein stå opp og vere klar til ein ny dag.

Dei hadde forska på mus og sett korleis aktiviteten i hjernen var i sovande og vaken tilstand. Det er litt vanskeleg å gjere det same på folk, men forskarane rekna med at prosessane var dei same.

Om det går fortare eller seinare når snørr vert blanda inn, snakka dei ikkje om. Ein kunne sende inn spørsmål om det var noko ein lurte på, men akkurat då lurte eg ikkje på det. Ofte er det jo slik at ein kjem på dei lure spørsmåla når det er for seint å stille dei.