Fortare no

Share

I dag runda vi eit nytt hundretal på Setesdalswiki. Denne gongen brukte vi bare gode tre veker på 100 nye artiklar. I dag runda vi 94 800 med artikkelen Harald Stulien Robstad: Oppfinnaren på Syrtveit som Geir la ut mest før eg hadde stått opp. Så kan hende vi klarar 100 til før det blir oktober. Men då må vi setje opp farten ganske mykje, for det jo bare ei god veke til det. Uansett, takk til alle som er med på å lage dette lokale leksikonet med perspektiv langt, vidt og breitt.

Vi har med stoff om Setesdal og Agder, men også om bøker og om misjonærar, prestar, predikantar, sangar, forfattarar og eg veit ikkje kva. Om eg hadde vore ein driven forfattar, ville eg nok repetert det både ein og fleire gonger, slik at det gav atterklang, men eg får klare meg som best eg kan og seie alt mogleg som det er naturleg å skrive om ut frå dei røde lenkene som ligg i leksikonet.

I samband med dette har eg sagt fleire gonger at eg gjerne hadde sett at fleire vart med i dugnaden, men så lagt vil eg takke dykk som skriv saman med meg for at dette skal bli eit lokalt leksikon med særpreg.