Hyggeleg besøk

Share

I dag kom James Karlsen og Ellen Eskeland på besøk. Dei var på sykkeltur og svinga innom, og det høvde godt, for Margunn hadde baka eplekake. Dermed fekk vi ein hyggeleg prat i sola på terrassen, og regndråpane heldt seg borte (med unntak av eit par) medan dei var her.

Ellen er Reidun sitt søskenbarn, og når familiar samlast, blir det gjerne litt snakk om slekt. Vi er så gamle at det betyr barn og barnebarn. Men vi snakka også litt om at dei har feriehus i Finnmark, i Lindesnes var det eit oppslag om det, og det var truleg ikkje mange i kommunen som hadde lenger reiseveg for å kome på hytta.

James tok eit bilde, men Ellen ville ikkje at det skulle leggast ut på Facebook, så eg kan ikkje dele det med dykk som les bloggen.

Men eg kan dele med dykk bildet frå Finnmark, som James tok då  dei var der i sommar og plukka molter. Var det 25 kg dei fann, tru?

Kan være et bilde av natur