Kontroll

Share

Når ein er fem og sytti, song Wenche Myhre i kveld. Vi er like gamle, så eg kan vel også synge det. Men eg er ikkje så sprek som ho, så i dag måtte eg ein tur på sjukehuset for kontroll av lunger og pust. Om natta har eg pustehjelp, BIPAP kallast det. No skulle sjukepleiaren kontrollere korleis stoda var etter at eg hadde hatt ei slik  måling i natt. Då ligg eg med eit fingerbøll som registrerer det som skjer.

Sørlandet sjukehus Kristiansand er eit sjukehus som legg under seg mykje areal. Eg sa til Reidun at om dei hadde bygd i høgda i staden for å breie seg ut på Eg, så hadde det vore lettare for mange, då kunne vi nytta heis. I dag måtte ho kjøre meg i rullestol gjennom lange gangar før eg kom til laboratoriet der dei skulle ta prøvane.

Prøvane var fine, det lite endring i høve til tidlegare, så dei trong ikkje justere verken medisin eller teknisk hjelp. Eg fekk ei ny maske som ikkje klemmer over ørnenasen min, sjukepleiaren måtte hente tre-fire før ho fann ei som fungerte godt nok.

Denne gongen var Reidun med gjennom heile prosessen og fekk sjå korleis det fungerer. Elles når vi har vore til kontroll, har ho hatt seg kaffi medan ho venta. Denne gongen var vi begge ganske svoltne då vi kom heim etter fire timar på farten.

Medan sjukepleiaren var på leiting etter masker, tok eg dette bildet frå eit sjeldant sterilt kontor: Bord og tre stolar, det var alt.

Kan være et bilde av blomst og innendørs

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.