Meir plommer

Share

Det bugnar av plommer, skreiv eg i går og fortalde litt om kva ein kan gjere med dei. I dag var nabo Hans Kyllingstad ein tur her frå Kristiansand, og han likar å klatre i tre, sa han til Reidun. Det gjer eg så visst ikkje, eg slapp endåtil å sjå han klatre i plommetreet vårt, for eg hadde meg ein middagskvil medan det skjedde.

Resultatet vart tre bøtter plommer til Hans og halvanna til oss. Eg er ikkje sikker på om alt er kome inn no, men noko skal vel fuglane også få.

Laurdagsunderhaldninga på NRK droppa vi. Eg har hatt glede av ein serie på Netflix den siste tida, så eg såg den ferdig i kveld. No får eg nok droppe slikt og kanskje heller skrive litt på Setesdalswiki att. Eg er takksam til Geir som stadig finn noko å skrive om. Eg fekk lagt inn overskriftene i tysdagsavisa i dag, så noko vart det då.

Setesdølen nr. 68, 2022

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.