Plommer

Share

Det er eit rikt fruktår i år. I dag såg vi ein reportasje på Sørlandssendinga at det kom tonnevis med epler til Grimstad for å bli til eplesaft. Dei har år om anna vore her i Mandal og teke imot frå hagar her også, om dei har vore eller kjem seinare, er eg ikkje sikker på.

I vår hage er det ikkje så mykje epler, eg veit ikkje om det er fordi epletrea vart tynna noko i vår, eller om det er andre grunnar.

Derimot er det mykje plommer, i dag plukka Reidun inn ei bøtte, og det er nok minst ti bøtter til. Men dei heng noko høgt, så ein må bruke stige, og gamle folk bør ikkje gå i høge stigar. Så vi får heller vente på at når de er modne, så faller de ned, som det heitte i regla vi song då vi var små: Epler og pærer, de vokser på tre/ når de er modne, så faller de ned.

Ei og anna plomme kan ein jo ete direkte, men det må ikkje bli for mange, for då blir det fort fleire turar på do enn godt er. Våre plommer er vel Victoria, vi hadde også nokre trånplommer, men det hadde ikkje så mange i år.

Så blir det å lage plommesyltetøy og plommegrøt, det første er godt på brød, mens grøten er god som dessert. Som barn hadde vi syltetøy som vi åt med skei på tallerken, det var visst ikkje så vanleg her sør, men eg har no prøvd å gjere det når avlinga er så god som ho er i år.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.