Protest

Share

I kveldens sending i Valle Radio var det ikkje vanskeleg å høyre Johs. Bjørkeli sin indignasjon over krigen i Ukraina. Han avslutta sendinga med countrymusikk, som så ofte før, men lufta meininga si om den aktuelle situasjonen.

Før dette høyrde vi Ann Christin Jacob i Kommunen informerer, ho nytta stoff frå Bygdenytt for oktober, som no var klar til utlevering.

Deretter var Sigri Åkre i studio saman med Ørnulf Hasla for å snakke om sauesjåmarknaden, der det blir stor ståhei med sauer, folk, handel på marknad med 40 seljarar, suppe i Sæbyggjen, i det heile ein marknad av godt, gammalt slag.

Så var Sigurd Langeid på telefonen. Han kunne fortelje at godt politiarbeid hadde oppklart saka med innbrot i Grendi, endåtil ein stor del av tjuvegodset var kome til rette. Så minna han om at i mørket ser ein ikkje folk som ikkje har refleks, så no var det viktig å passe på å nytte refleks.

Frå Bykle fekk vi høyre Tor Bernhard Sagland om TV-aksjonen 2022. Den er 23. oktober og går til Leger Uten Grenser.

Ein variert kveld i radioen, med Johs. sin protest til slutt.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.