Solrikt

Share

Endå ein solrik dag på Sørlandet er over. I dag vart den litt ekstra fin for oss då vi fekk besøk av Anne Berit og Atle Bjørn Høgholm  saman med Freydis Stensrud på terrassen vår i dag. Dei to første bur i Bergen, medan Freydis bur lenger ute i Tregdevegen, heilt ved sjøen der ho framleis tek seg ein dukkert når det høver slik. Jentene er søskenbarn til Reidun, men det er ikkje så ofte dei har møtt kvarandre, for Freydis budde på Toten og Anne Berit bur i Bergen. Men praten gjekk lett i godveret, og først godt etter at sola var borte, braut dei opp, då vart det jo litt meir kjølig.

I går var eg kan hende litt pessimistisk med tanke på om Setesdalswiki kunne klare å nå målet om 100 artiklar kvar månad. Eg fekk svar frå Geir på det i dag då han skreiv:

Vi går for 95.200 artiklar ved årsskiftet, Harald! Då klarer vi målet om 100 artiklar pr. månad. Siri skriv så “blekket sprutar” nå, og vi andre får bare prøve å henge oss på. Så bør vi jo ha 100.000 artiklar som eit mål på litt sikt. Når vi har klart det, om 3–4 år, trur eg vi fortener å samlast til eit aldri så lite bløtkakestykke. 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.