Setesdalsfestivalen

Share

Denne veka kan du få eit gjenhøyr med Setesdalsfestivalen i Valle Radio. Ørnulf Hasla gjorde eit opptak av Bjørn Tomren sin konsert, og onsdagskvelden blir det sendt.

I morgon, tysdag, er det inga sending. Men onsdagsprogrammet ser slik ut:

2. november

Ansvarleg og teknikar, Ørnulf Hasla

19.00 Tankar frå Bibelen med Torleif Harstad.
19.30 Kommunen informerer med leiar av pleie og omsorg, Solveig Kyrvestad.
20.00 Konsertopptak av Bjørn Tomren sin konsert på årets Setesdalsfestival
21.15 Musikkprogram med Johs. Bjørkeli

Høyr og Valle radio på www.valleradio.com
Eller følg linken på Valle radio sin Facebook side.

Gode telefonar

Share

Når ein sit aleine, er det godt å få ein telefon. I dag fekk eg telefon frå ein elev eg hadde på norskkurs i Valle i dag. No Boo og kona Booke Nya bur no i Grimstad og det var hyggeleg å få ein prat med dei.

Tidlegare rådmann Tor A. Hovet ringde også, det var ei feilringing, men det var hyggeleg å snakke litt saman. Dotter hans, Gro og Margunn er gode vener og Gro var på besøk hos Margunn tidlegare i haust. Det hadde han fått med seg, og også at Stein og barna hennar hadde hatt det fint med tur på sjøen.

Så ringte også Reidun og sa at ho kjem heim i morgon. Det gleder vi oss til, både eg og katten. Men desse dagane har gått høveleg fort, sjølv om eg ikkje har skrive noko på Setesdalswiki.

Bjørg var innom ein time også i dag, men det er framleis eplekake att. Ho hadde også med eit par bøker, Søsterklokkene og Hekneveven. Så no har eg lesestoff for ei stund framover om eg startar på dei. Men eg må vel først gjere meg ferdig med det eg alt held på med.

Til slutt hadde eg ein lang prat med Siri, ho må avlyse sendingane ho skulle ha i Valle radio denne veka, forkjøling, feber og slikt er ikkje godt når ein skal ha radio. Men Ørnulf tek onsdagen, så det blir litt lokalt liv i eteren også denne veka.

I Oslo

Share

Reidun reiste til Oslo i går, og i dag var ho to gonger på besøk på Lovisenberg hospice der Helge no er pasient.

Det gjer at tankane mine går innover det meste av tida, om eg då ikkje søv, noko eg har gjort mykje av i dag. Men søster til Reidun, Bjørg kom innom klokka to, ho hadde med eplekake og krem, så vi hadde litt sein formiddagskaffe. Ho henta også inn avisene, så mykje av ettermiddagen gjekk med til å studere dei. I kveld tok eg dei opp att, og plutseleg var eg mest for sein til å skrive blogg.

Solvor ringte og sa at Gunbjørg si gravferd blir fredag frå Sola kyrkje. Vi snakka litt saman, og ho bad meg helse til Reidun og Helge, det same gjorde Siri i Valle Radio då eg snakka med henne i kveld.

 

Til Oslo

Share

I dag reiste Reidun til Oslo. Nabo Hilde Smith henta henne klokka 11, og så tok ho buss til Brevik. Der venta Stein på henne, Margunn var alt reist inn, ho hadde eit møte der i dag. Så gjekk turen til Lovisenberg sjukehus der Helge ligg. Han var glad for å sjå dei, men vart fort trøytt, så besøket var kort, fortalde ho då ho ringde meg etterpå.

Måndag sa legen at om ein ville snakke med han, burde ein kome denne veka, så Reidun var glad for at ho tok turen. Ho vil besøke han dei neste dagane. Lovisenberg Hospice var ein vennleg og varm plass å kome til, opplevde ho.

Jorunn ringte og fortalde at gravferda til søster Gunbjørg kom til å bli neste fredag. Truleg ville det bli mange der frå både aust og vest.

Elles har det vore ein stille dag her på Eskeland.

80 år gammal bok

Share

I dag kom posten med ei 80 år gammal bok. Det var Torbjørn Greipsland som sendte meg John Nome si Demringstid i Norge : Fra misjonsinteresse til misjonsselskap. Den er på 416 sider, og det eksemplaret eg fekk, var hefta og klart merka av tida.

Men eg sette meg til å lese og har alt kome eit godt stykke. Men tankane mine sviv litt rundt forbi i desse dagane, i går skreiv eg om søster mi Gunbjørg Sola, som døydde av kreft. I morgon reiser Reidun til Oslo for å besøke Helge, som også har kreft og ligg på Lovisenberg sjukehus. I kveld var ho på forening på Mandal bedehus, det er godt å ikkje bare la tankane krinse om sjukdom og død.

I går runda Setesdalswiki 95.000 artiklar. Det var artikkelen Ein song til Setesdal som Geir skreiv, som gjorde at vi runda nytt hundretal. Det ser ut til at vi kan nå målet om 95.200 artiklar til nyttår, for vi har litt meir enn to månader på det, og farten no har vore om lag 100 nye artiklar i månaden. Takk til alle som er med på dugnaden om å lage eit leksikon for Setesdal, kyrkje- og kristenliv, og så mangt anna.

Fullført løpet

Share

I kveld fekk vi melding om at søster mi, Gunbjørg Sola hadde fullført løpet. Ho sovna stille inn etter at det ikkje lenger var råd å stoppe kreften som hadde herja i kroppen hennar den siste tida.

Ho hadde planar om å vere med i eit prosjektkor som skulle framføre Gloria av Vivaldi i Sola kirke sundag 23. oktober. Gleder meg, skreiv ho på Facebook 6. juni om det. Men slik gjekk det ikkje. Ho hadde ikkje eingong krefter til å gå på konserten og høyre det ho hadde gledd seg til å vere med og framføre. For ho var glad i sang og musikk.

Då eg runda 75 i august, kom ho for å vere med saman med søskena mine, vi hadde ei fin samling, og eg tenkte slett ikkje på at ho var sjuk. Men ho hadde alt då starta med cellegift og hadde mista håret, men parykken høvde så godt at det var som å sjå henne ung.

2. Tim. 4:

Eg har stridd den gode striden, fullført løpet og halde fast på trua.  No ligg rettferdskransen ferdig for meg, den som Herren, den rettferdige dommaren, skal gje meg på den store dagen, og ikkje berre meg, men alle som har lengta med kjærleik etter at han skal koma.

Stykkevis

Share

Kveldens sending i Valle Radio fekk eg bare med meg små stykke av, men det eg fekk med meg, var interessant. Først i den aktuelle timen var Else Gyro Rysstad, ho fortalde om Hovdenrevyen 2022 som skal gå av stabelen komande helg. Øvinga laurdag gjekk flott, det hadde endåtil kome med to nye skodespelarar, så det var ikkje bare dei same gamle travarane som var med. No hadde det vore pause på grunn av korona, så dei var glade for å vere i gang att. 295 kroner kostar billetten, så det er bare å kaste seg rundt og få seg ein plass og gjere klar for å opne latterdøra.

Etter dette hadde Siri Johannessen ein samtale med tre arkeologar som driv med utgraving. Då fall eg ut, og då ho snakka med Jan Bygstad, som har bibeltime via video på Nomeland bedehus, fekk eg med meg bergensdialekten, men ikkje så mykje anna. Postludium gjekk også husforbi, for vi snakka med barna våre i ein felles samtale på Facebook. Det er flott å ha tilgang til slik teknologi, då kan alle få same informasjon og ein slepp å ringe kvar einskild. Etter det vart det og samtalar til søskena mine, og dermed var Postludium over før eg fekk sukk for meg.

Hadsel

Share

Når eg tenkjer etter, er det rart at eg ikkje har laga artikkel på Setesdalswiki om Hadsel Folkehøyskole. Eg skriv jo om alt mogleg på wikien, og i artikkelen om meg sjølv står det at eg var rektor der. Men til no har det ikkje vore artikkel om skulen eg kom frå då vi flytta til Valle. Første året budde eg aleine på Nomeland, men så kom familien etter.

Men i dag vart det ein artikkel, den baserte eg på det som var skrive på Wikipedia, men så la eg til namn på rektorar og lærarar. Lista er ikkje komplett, eg hugsar ikkje alt og har lite skriftleg. Men skulen var i drift frå 1969 til 1999, og eg var rektor der i halvparten av tida.

Grunnen til det var at eg snakka med ein av lærarane der, Karl Egil Johansen. Han er no pensjonert professor i historie og bur i Bergen.  Han skreiv ein artikkel i festskrift til Jan Bygstad, som Siri Johannessen skal snakke med i morgon, Eg tenkjer eg kanskje kan få Karl Egil med neste gong eg skal ha sending i Valle radio, det hadde vore interessant.

Men i morgon er det Siri som skal ha sending, og ho har lagt opp til eit fint program, som vanleg:

Tirsdag 25. oktober
Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret, programinformasjon og en oppmuntring fra Asbjørn Kvalbein (Norea)
18.15  Over en åpen Bibel
18.30 Countrygospel

19.15 Forlenga aktuell time med Hovdenrevyen,
Reinsdyr og menneske i Den kulturelle skolesekken
Samtale med Jan Bygstad
20.30 Postludium med Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken
Onsdag 26. oktober
Tekniker: Jørund Georg Jore
18.00 Møte i Valle kommunestyre

Kunstnaren vart misjonær

Share

I dag har eg lese ei bok som dukka opp og som truleg kom frå Ålgård. Ho heiter Kunstnaren vart misjonær og er skriven av Peter Stoveland. Han fortel om den første norske misjonæren i Afrika, Hans Christian Knudsen. Han reiste ut for eit tysk misjonsselskap alt før NMS vart stifta i 1842, og hadde si teneste i Namibia. Der gjorde han ein stor jobb med å gje folka der eit skriftspråk.

Han er omtalt i Store Norske Leksikon, du kan lese meir om han der

Hans Christian Knudsen

 

Kveldsbesøk

Share

I ettermiddag tikka det inn ei melding på mobilen. Det var søster Jorunn som lurte på om vi ville ha kveldsbesøk. Dei var i Vågsbygd på orgelkonsert, datter Torunn spelte obo der, og svigerson Tom Andreas var på slagverk. Kyrkja har fått nytt orgel frå Verschueren orgelbyggeri i Nederland, og i kveld var det opningskonsert.

Klart vi ville ha besøk og ha kveldsmat saman. Så fekk vi ei fin stund og ein god samtale. Ole Thorvald hadde med eit hefte han hadde funne, han er med på bruktbutikken i Lyngdal, og der dukkar det opp raritetar som knapt nokon vil ha, ja, som knapt nokon veit om. Visste du at det på 1950-talet vart gitt ut årlege hefter med oversyn over kirketjenere og kirkeklokker?

-Slå opp på side 77, sa han.

Der fann eg far, han vart tilsett første gong som kyrkjetenar i Ålgård kapell, som det heitte den gongen, frå 1. oktober 1939.  Då var han 22 år og hadde stillingen i fem år, men så heldt han opp til 1. januar 1950, då starta han igjen. Han var også gravar og hadde 45 kroner for kvar grav. I 1950 var løna 100 kroner kvar månad.

Far hadde fast plass på siste benken i kyrkja. Før gudstenesta var det ringing klokka 10, 10.30 og 10.55, og så var det 3×3 slag til slutt. Då var det greitt å sitje på siste benk, så kunne han gå ut under postludiet og klatre opp i tårnet, der han drog i klokketauet. Det var ikkje motor den gongen.