Ansvarleg

Share

I kveld var eg ansvarleg for onsdagssendinga i Valle Radio. Det kan fort bli litt plunder når eg sit i Mandal og skal ha sending frå Valle, og i kveld var det ikkje heilt lett å få forbindelsen, så Jørund Georg Jore heldt på å gje opp og sa at eg måtte rekne med å bare bruke mobiltelefonen. Men så, ti minutt før vi skulle på lufta, så fungerte det å bruke Skype, slik det har vore vanleg tidlegare.

Som vanleg var det tankar frå Bibelen først, og der var det Torleif Harstad som var i studio i Valle. Eg hadde gjort avtale med Magnus Berg om å ha kommunen informerer noko kort, for eg hadde mykje på programmet. Det var han glad for, han hadde lite og planla å bruke Bygdenytt.

Men i staden kom Torleif Homme, og han hadde så mykje på hjarta at vi kunne nok brukt halvtimen. Han fortalde om arbeidet med vatn og kloakk frå Kraftverket og sørover. På Nomeland hadde dei funne litt av kvart snadder for arkeologar då dei opna planlagt trasé, så  i staden for å starte utgraving som ville forsinka prosjektet med eit år og fordyra det svært mykje, hadde dei lukka det og funne ein annan stad å leggje ledningen. Han fortalde også at i Valle sentrum har dei starta eit arbeid med å opparbeide området bak bensinstasjon og butikkar for å få parkering.

Første gjester i Aktuell time var Sigrid Lien og Leonhard Jansen. Dei håpa at eit besøk i Valle Radio kunne få lyttarane til å leite fram gamle bilete og dele med Setesdalsmuseet. Eg vil kome tilbake til det i bloggen i morgon, saman med anna stoff frå sendinga.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.