Dronningbesøk

Share

Då eg i kveld såg på TV at dronning Sonja var på St. Olaf College, måtte eg sjekke litt ekstra. Eg har jo skrive på bloggen før om Red Wing Seminarium-avhandlinga til Olav Golf. Han avsluttar den med at i tårnet til Boe Memorial Chapel på St. Olaf College heng ei kyrkjeklokke frå Red Wing. Den skal symbolisere nærleiken mellom dei to institusjonane. St. Olaf College fekk ein stor sum pengar til sju glassmaleri i bibliotekbygningen Rolvag Memorial Hall. Dei skildrar livet til Hans Nielsen Hauge og syner slik slektskapet med haugianarane i Norge.

Sjølv reiste han aldri til Amerika, men mange haugianarar reiste, fortel Golf. Mange vart verande der, andre reiste heim att. Red Wing var eit seminar som utdanna prestar til teneste for emigrantane. Men ikkje alle som studerte der, vart prestar, mange vart lærarar.

Etter det vi såg på Dagsrevyen, kan ein framleis studere norsk på St. Olaf College, ei jente prøvde å snakke norsk utan å ha vore i Norge og utan å ha lært det heime. Sjølv om undervisninga til å begynne med var på norsk, vart engelsk etter kvart viktigast også som undervisningsspråk. Dei fleste ville at barna skulle få utdanning dei kunne nytte i det nye landet. Då måtte lærarane deira bruke engelsk.

Om dronning Sonja var der aleine denne gongen, var kong Harald saman med henne på tidlegare besøk, han er visst høg beskyttar etter det dei sa. Kong Olav hadde også vore der. Så sjølv 100 år etter, er ikkje banda heilt kutta.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.