Fotografering

Share

I sendinga i går var det to tema som handla om fotografering. Eg skreiv litt om Sigrid Lien, som forska på gamle bilete og var på Setesdasmuseet for å sjå kva dei hadde og som nytta høvet til å etterlyse gamle bilete på radioen. Ho fortalde om Anna Lund, fotografen i Valle, etter henne var det visst 300 glassplater, kanskje hadde nokre av lyttarane kjennskap til fleire. I Bygland var det Gyro Liestøl som var fotograf. Eg burde sikkert ha skrive om begg på Setesdalswiki, men så langt har eg ikkje kome.

Etter henne kom Gro Anita Homme. Ho skal ha innlegg til samtale på filosofikafé i Kulturveka, og det er godt å minne om innslag i Kulturveka noko på førehand, slik at ikkje alt kjem siste veka før det skjer. Gro Anita jobbar på Universitetet i Agder som studiekonsulent og har ansvar for studierådgjevarar. Ho var med i Kulturveka for ein del år tilbake og det var ei god oppleving, så ho såg fram til ein ny runde. Karin Haugen skulle også vere med, fortalde ho, kanskje er det ein av dei andre programleiarane i radioen som tek ein prat med henne seinare.

Eg hadde gjort ein avtale med Helge Reber frå Vennesla. Han har hytte på Hovden og tek mange fine bilete frå Hovden, men også av motiv han finn når han reiser oppover saman med kona. Eg lurte på om ikkje kona syntest det vart mange stopp på vegen oppover. Men han fortalde at det ofte var ho som såg motivet og ba han stoppe, av og til snudde dei endåtil for å ta bilete av noko dei hadde kjørt forbi.

Siste innslaget i Aktuell time var eit opptak Ørnulf Hasla hadde gjort i samband med Sauesjådagen. Han var på Valle skule der dei laga eplekaker og hadde fleire slike små innslag der han snakka med folk som handla.

Men så var det tid for Opi sending, og eg kunne overlate mikrofonen til Jorunn og Kåre. Denne gongen var det mange som ringte inn svar på rebusar og slikt, så eg kom ikkje gjennom, sjølv om eg prøvde. Det var i grunnen like godt.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.