Fullført løpet

Share

I kveld fekk vi melding om at søster mi, Gunbjørg Sola hadde fullført løpet. Ho sovna stille inn etter at det ikkje lenger var råd å stoppe kreften som hadde herja i kroppen hennar den siste tida.

Ho hadde planar om å vere med i eit prosjektkor som skulle framføre Gloria av Vivaldi i Sola kirke sundag 23. oktober. Gleder meg, skreiv ho på Facebook 6. juni om det. Men slik gjekk det ikkje. Ho hadde ikkje eingong krefter til å gå på konserten og høyre det ho hadde gledd seg til å vere med og framføre. For ho var glad i sang og musikk.

Då eg runda 75 i august, kom ho for å vere med saman med søskena mine, vi hadde ei fin samling, og eg tenkte slett ikkje på at ho var sjuk. Men ho hadde alt då starta med cellegift og hadde mista håret, men parykken høvde så godt at det var som å sjå henne ung.

2. Tim. 4:

Eg har stridd den gode striden, fullført løpet og halde fast på trua.  No ligg rettferdskransen ferdig for meg, den som Herren, den rettferdige dommaren, skal gje meg på den store dagen, og ikkje berre meg, men alle som har lengta med kjærleik etter at han skal koma.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.