Gamle hus

Share

Gamle hus var eitt av fleire tema i sendinga i Valle Radio i kveld. Eivind Dalseg frå Bygningsvernsenteret snakka med Siri Johannessen om eit tema som begge var engasjerte i, og då blei det ein god samtale fagfolk imellom. Vi fekk mellom anna vite at det var 200 bygningar frå før reformasjonen i 1537 i Agder, og dei er automatisl freda. Så er det ei rekke bygningar frå før 1650, som er ei anna grense. Eg er amatør på området, så eg fekk neppe alt med meg, og eg sat ikkje med penn og papir for å ta notatar, det burde eg nok gjort, for då hadde eg nok fått med meg meir.

Før dette hadde ho ein samtale med Erlend Gunstveit. Han skal ha konsert i Bykle nye kyrkje i desember, så det er ei stund til, men han gledde seg til konserten og hadde vore der før. Han fekk spørsmål om han kunne ta gitaren og spele utan stort band, og det kunne han, han syng vel i skjæringspunktet mellom country og vise, etter det eg skjøna. Vi fekk høyre eksempel på musikken hans og, eg tenkjer at fleire fann den fin og kanskje vil skaffe seg billett på ticketmaster.com eller håpe på å kome inn gjennom dørene ved å kjøpe billett ved inngangen.

Som eit apropos til TV-aksjonen hadde Siri også ein samtale med Mari Stokstad frå Leger uten grenser. Ho hadde vore feltarbeidar på Cuba og ville gjerne reise ut att når familien var klar til det, då ville ho helst til Afrika. For henne var det svært meiningsfylt å arbeide for organisasjonen, som ikkje bare engasjerer leger, men også alle dei som jobbar rundt for at legane skal kunne yte sitt, alt frå sjåførar og sjukepleiarar til bygningsfolk og kontorpersonale.

Som vanleg vart tysdagssendinga avslutta med Postludium, og i kveld hadde Siri funne fram eit verk som tok heile den halvtimen programmet varer: Franz Liszt: Ad nos. Salutarem. Det var monumentalt og sterkt og strålande spelt av Simon Preston.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.