John Knudsen Rystad

Share

I går fekk Setesdalswiki ein ny flott artikkel av Siri. Den var om emigranten frå Rysstad som vart prest i Texas. Foreldra kom til Amerika i 1845, då var han ikkje fødd. Då han starta som prest, var han einaste norske presten i heile den store staten. Han tok også initiativ til å få til eit leseværelse for sjøfolk i Galveston, seinare hadde også Sjømannsmisjonen arbeid der og i Houston.

I dag sat eg og funderte på kven eg skulle ha med i Aktuell time komande onsdag. Då fekk eg melding frå Ørnulf om at han hadde ein halv time med opptak frå Sauesjå 2022. Dermed var programmet i boks, ettersom eg alt hadde to avtalt to innslag tidlegare. Det er alltid godt når det legg seg til rette.

Siri fann eit bilde av kyrkja der John Knudsen Rystad var prest.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.