Kveldsbesøk

Share

I ettermiddag tikka det inn ei melding på mobilen. Det var søster Jorunn som lurte på om vi ville ha kveldsbesøk. Dei var i Vågsbygd på orgelkonsert, datter Torunn spelte obo der, og svigerson Tom Andreas var på slagverk. Kyrkja har fått nytt orgel frå Verschueren orgelbyggeri i Nederland, og i kveld var det opningskonsert.

Klart vi ville ha besøk og ha kveldsmat saman. Så fekk vi ei fin stund og ein god samtale. Ole Thorvald hadde med eit hefte han hadde funne, han er med på bruktbutikken i Lyngdal, og der dukkar det opp raritetar som knapt nokon vil ha, ja, som knapt nokon veit om. Visste du at det på 1950-talet vart gitt ut årlege hefter med oversyn over kirketjenere og kirkeklokker?

-Slå opp på side 77, sa han.

Der fann eg far, han vart tilsett første gong som kyrkjetenar i Ålgård kapell, som det heitte den gongen, frå 1. oktober 1939.  Då var han 22 år og hadde stillingen i fem år, men så heldt han opp til 1. januar 1950, då starta han igjen. Han var også gravar og hadde 45 kroner for kvar grav. I 1950 var løna 100 kroner kvar månad.

Far hadde fast plass på siste benken i kyrkja. Før gudstenesta var det ringing klokka 10, 10.30 og 10.55, og så var det 3×3 slag til slutt. Då var det greitt å sitje på siste benk, så kunne han gå ut under postludiet og klatre opp i tårnet, der han drog i klokketauet. Det var ikkje motor den gongen.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.