Med halvt øyra

Share

I kveld var det med eit halvt øyra eg høyrde på Valle Radio, for på TV var det landskamp i fotball for kvinner mellom Norge og Nederland. Om Siri ikkje hadde vore i radioen, hadde ho kanskje, sjølv om ho ikkje er så interessert i fotball, trur eg, høyrt på nederlandsk radio eller TV si overføring av kampen. Den var neppe så entusiastisk som kommentatorane i Norge, for Norge vann 2-0.

I Valle Radio var Gunnar Stubseid på besøk. Han skal spele i Kulturveka, og heile programmet var relatert til Kulturveka 2022, som startar på fredag med basar i Broderheimen. Ingunn Røysland fortalde om den i ein triveleg samtale, dei brukar å få inn mellom 25 og 30.000 kroner til drifta av huset. Bøker ligg ikkje ute, men ein kan ta lodd utan å vere på basaren ved å bruke VIPPS til Ingunn eller Liv Åkre Trydal, men det er også åresal og mange fine gevinstar.

Det var også ein interessant samtale med Terje Granås, han er smed og skal ha to kurs i smiing under Kulturveka. Dei var innom uttrykk om smiing: smi mens jernet er varmt; mange jern i elden og eitt som eg ikkje hugsar i farten. Terje fortalde at om jernet vart for varmt, så brann det opp og rann ned i essa, så det var viktig å halde rett temperatur. Etter det eg skjøna, kunne han ha seks elevar på kvart kurs.

Den lengste samtalen var nok med Gunnar Stubseid, og så var det ein prat med Anna Slaby Driel. Men, som sagt, eg fall ut nokre gonger, så eg fekk ikkje alt med meg.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.