Inspirasjon frå Hauge

Share

For ei veke sidan fekk eg oversendt ein artikkel av Karl Egil Johansen. Han er professor emeritus og bur i Bergen. Då eg var rektor på Hadsel folkehøyskole, var han lærar der i sju år, halvparten av tida eg var der. Artikkelen Kallsetikk og økonomisk modernisering. Ei samanlikning av haugerørsla og den seinare lekmannsrørsla ligg no på Setesdalswiki, du kan lese den der. Der finn du også artikkel om forfattaren.

Eg har ikkje tatt med noko om hans store interesse for løping, han har vore med i mange maratonløp, men no sa han at det var slutt. Det tok til med at vi arrangerte Hadseløya Rundt, der ein kunne gå turmarsj eller løpe maraton, for strekningen var akkurat maraton-distansen, vel 42 km. Sjølv klarte eg den turen ein gong, men han vart biten av basillen og har sprunge mange stader i verda.

Vi har etter kvart fått ein del artiklar om arven etter Hans Nielsen Hauge, og det er interessant at Setesdalswiki også kan presentere dette stoffet. Sjølv om det ikkje går så fort, så er vi i gang mot eit nytt hundretal, og med litt stoff kvar dag, så putlar vi oss framover.

Kallsetikk og økonomisk modernisering