Ord blir fattige

Share

Når ein kjær son går bort, blir ord fattige, og slik kjende både eg og Reidun det då Rønnaug ringte i formiddag og fortalde at Helge døydde i formiddag. Ho sat hos han då det skjedde, og eg har tidlegare skrive at Reidun var på Lovisenberg lindring og livshjelp i helga og tok farvel med han.

Eg tenkjer tilbake på gode minne frå barndom og oppvekst. Han vaks opp på Hadsel folkehøyskole, der eg var rektor, og der var ungane våre prøvekaninar for barnehagelinja vi starta. Helge fekk seg vener blant elevane og som ung opplevde han nok mange gonger at det var tungt å skiljast då dei reiste om våren.

Vi starta linje med undervisning i data, og sjølv om han ikkje gjekk på den linja, vart det IT som vart den store interessen for han, han tok utdanning i både IT og historie, som var den andre store interessen. Då han skulle skaffe seg jobb, vart det fort klart at det var i Oslo slike jobbar var å finne, og etter å ha vore tilkallingsvikar gjennom vikarbyrå, fann DNB ut at dei heller ville ha han med på laget som tilsett.

Medan han var under utdanning, hadde han sommarjobb i Valle kommune, som alle ungdommar fekk på den tida. Men då vi flytta til Mandal, vart kontakten til Valle også broten.

Interessen for å bruke datamaskina og interessen for historie førte til at han gav seg i kast med slektsgransking. Han grov seg bakover, var på Arkivet i Kristiansand og leita i protokollar. Etter kvart vart mange scanna og lagde ut på nett, og då kunne han granske heimefrå. Han vart med i slektforskingsgruppe i Oslo i regi av DIS-Norge og gav råd til andre slektsforskarar. I rykk og napp vaks databasen hans. Han skaffa seg også eigen server til å ha basen på.

I juni 2006 synte han meg nettleksikonet Wikipedia og meinte at det ville vere noko for meg. Eg gjorde mi første redigering då, og sanneleg var det noko for meg. Med åra har det blitt mange tusen redigeringar der.

Men våren 2009 var eg på Regionrådet sin konferanse på Hovden. Der diskuterte dei korleis folk i det lange dalføret Setesdal skulle vite om kvarandre og dei næringsaktivitetane som var i dei ulike kommunane. Eg foreslo då at dei kunne skrive om bedriftene sine på ein nettstad etter wiki-prinsipp, der dei kunne skrive sjølv. Å få gehør for det, var ikkje så lett, så Helge og eg starta Setesdalswiki for å gjere det lettare. No nærmar Setesdalswiki seg 100.000 artiklar, vi skriv om bedrifter, folk, stader og hendingar i Setesdal og Agder. Ettersom eg har stor intersse for kyrkje og kristenliv, så skriv vi om det også. Heile tida har Helge drifta Setesdalswiki.

No er også den epoken over. Setesdalswiki vil halde fram, vi har funne løysing på det. Men Helge sette spor etter seg i lokalsamfunna våre. Ord blir fattige, men vi lyser fred over minnet hans og takkar for inspirasjon og føredøme han gav oss i livet.

Ingen bildebeskrivelse er tilgjengelig.