Gunbjørgs gravferd

Share

I dag var det tid for Gunbjørgs gravferd. Den var frå Sola kyrkje, og svært mange møtte fram for å vere med. Helsa mi er ikkje slik at eg kunne vere med, men Tom Andreas Kristensen sette opp eit kamera på galleriet og streama alt saman, både preluderinga til organist Geir Munthe-Kaas, liturgi og tale ved presten Frank Skofteland, minneord ved Gunbjørg sin son, Steinar Sola, korsang ved koret Andante og Gabriels obo ved Torunn Irene Kristensen.

Det var også sjeldan fulltonande kyrkjelydssang når dei song Ja engang mine øyne skal se Kongen i hans prakt før minneord, skriftlesing og bønn, og Takk at du tok mine byrder før talen. Etter talen song dei Bred dina vida vingar. Så vart båra boren ut i regnveret og ført til grava.

Margunn, Stein og Reidun var i bilen alt klokka halv ni, og turen vestover gjekk greitt, men det var tungt å kjøre i alt regnet. På kyrkjegarden kunne dei ikkje vere lenge, alle var inviterte til minnesamvær, og mange fann vegen dit. Der fekk dei snittar og kaffe, og mange nytta høvet til å seie noko også der. Difor kom mine folk seg ikkje på veg sørover att før det tok til å skumre, og dei hadde regn på heimturen også.

Vel heime kunne dei fortelje om det dei hadde opplevd, så hadde vi kveldsmat saman, og når eg no avsluttar bloggen, har dei andre gått til ro etter ein lang dag. Kjenslene både i høve til det som var og det som ventar når Helge skal gravleggjast tysdag er mange og tunge, og midt i det heile er det mykje praktisk som skal ordnast. Takk for helsingar, omtanke og forbønn frå fjern og nær.