Planlegging

Share

I dag vart det mykje planlegging, for alt til tysdag er det ny gravferd. Då skal Helge gravleggjast frå Mandal kapell klokka 12.30, og vi må finne sangar og slikt som høyrer med. Heldigvis er Margunn her, ho har eit praktisk syn på dette, sjølv om eg slit med å henge med i svingane.

I løpet av dagen har vi også fått helsingar frå mange, på Facebook har eg ikkje oversikt over alle, og bukettar rundt om i stova vitnar om omtanke frå naboar her i grenda. Jorunn Kige kom med ferske horn ho hadde baka, det smaka nydeleg. Då Helge var på ferie her som liten, leika han med son hennar.

Vi har funne ut at det er lurt å spare på programhefte frå gravferder vi har vore i, då kan vi få tips og hjelp. Heldigvis har Reidun ein stor arkivboks med slike hefte. Vi måtte også finne eit høveleg bilete til framsida, då var det godt å ha hjelp frå Sigmund.

I morgon kjem presten Jan Austad for å gå gjennom det heile saman med oss. Han er pensjonist og bur i Mandal, men var prest på Melbu då vi budde på Stokmarknes.

Dagen har hatt både solskinn og regn, akkurat som livet sjølv.