Ung organist 2

Share

Eg vil halde fram litt og skrive om Victoria Ulriksen. I sommar var ho ferdig med ungdomsskulen, og då gjekk turen til Europa for å delta i Maria Hofer orgelkonkurranse. Der kom ho til finalen.

I kveld fortalde ho til Siri Johannessen i Valle radio at ho også likte annan musikk. To eksempel fekk vi også høyre i samtalen før Postludium, først Dean Martins Honey, deretter Vera Lynn We’ll meet again.

Eg skreiv i går om dei store verka ho hadde vald. Det var mektig musikk vi fekk høyre, ho likar musikk som gir litt trykk.

Om konkurransen fortalde ho på Facebook at ho fekk spele på eit nydeleg Pircher-orgel i Wien, der ho opna finalekonserten.

27. august spelte ho i Nidarosdomen på det store Steinmeyer-orgelet der. 300 høyrde henne spele, og dei var vilt begeistra.

I sommar fekk ho to legat, det var gode pengar å ta med når ein skal spele med dei fremste organistane i verda. Ho fortalde i radioen at ho hadde ein draum om å få spele med Daniel Roth i Paris. Han har vore organist i St. Sulpice, men han er 80 år, så det hastar om ho skal få studere med han. Eg sat nokre timar i den kyrkja og høyrde på orgelmusikk då vi var i Paris for mange år sidan.