Lysstoffrør

Share

Av ein eller annan grunn kom Teknisk Ukeblad (TU) i postkassen vår i dag. Det var utan namn, så truleg har dei ein kampanje. Eg kom til å bla litt i det, og der ser eg ei overskrift som seier Lysstoffrør blir forbudt fra 2023.

Det er visst to grunnar til det, dei krev meir energi enn LED-lys, og så er det miljøgifter i dei. Det er mellom anna kvikksølv i dei.

Vi må ikkje skrote det vi har slik over natta. Men frå nyttår får vi ikkje kjøpt nye lysrøyr når dei gamle blir ståande og blinke eller gå ned i gult lys, slik det lysrøyret vi har over spegelen på badet gjorde tidlegare i haust.

I ein lampe ved senga måtte vi ha ny pære, og då fekk vi ei lysrøyrpære, men den var så vond å ha at vi bytta i ei gammaldags. Kan hende må vi bytte lampe etter kvart, ikkje godt å vite.

Men den som lever, får sjå…..