Julemesse

Share

I dag var det julemesse på Mandal bedehus, og Reidun hadde lova å ha med ei bløtkake klokka halv elleve. Ho bakte sukkerbrødet i går, det lukta godt i huset då. I dag var det pyntinga, og plutseleg var ho av garde.

-Eg er nok tilbake til tolv, sa ho, men klokka vart tre før ho om heim med det ho hadde vunne og det ho hadde kjøpt. I ettermiddag vart det sanneleg litt kake på meg også.

Eg trur ikkje det var på grunn av desse kakene at Norge slo Frankrike i handball i kveld, men om dei no vinn heile EM, bør dei vel få litt kake, dei også.

Det er ei travel tid med julemesser mange stader no framover. I morgon er det julemesse på Rysstad med Espen Ottosen frå Misjonssambandet som talar. Du kan lese meir om han på Setesdalswiki.

https://www.setesdalswiki.no/wiki/Espen_Ottosen