God samtale

Share

Eg hadde hatt ein pause og kom inn att i stova, og der sat Reidun si kusine Freydis Stensrud. Ho held til på Soltoppen, like i sjøkanten ved Skogsøy utanfor Tregde. Ho hadde med blom, ein lilla orkide, det er jo snart advent, så det høvde godt.

Samtalen gjekk om både før og no, eg har ikkje føresetnad for å henge med i alle svingane, for mangt skjedde før eg kom inn i bildet her på Eskeland. Ho blei med til lunsj, ho mista mannen for eit par år sidan, og det er ikkje gildt å ete aleine.

Freydis har vore glad i å reise, huset hennar er fullt av minner frå reiser til både Afrika og Asia, så ho kunne godt forstå at Kristine valde å gå på gymnas i Eswatini. No har ho og familien vore saman i Afrika ei veke og er komne til Cape Town der dei skal ha ei veke før dei vender heimover.

På TV melde dei at det vil bli snø i helga, kan hende opp til 15 cm. Reidun fekk vinterhjul på bilen i går, så ho er klar til å lage kyrkjekaffe i Mandal kirke i morgon også om det blir vinterføre.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.