Gode kveldar

Share

Å kome saman og snakke etter ei vond hending, det er god terapi. I så måte er det godt å ha familie som ikkje er i tottane på kvarandre.

I kveld kom Jorunn og Ole Thorvald Moen frå Lyngdal for å ta ein kaffekopp saman med oss. Jorunn og Reidun har alltid noko strikke-aktuelt å snakke om, så dei finn tonen lett. Vi mannfolka kan delta i samtalen på eit enklare nivå, men så har vi heldigvis også anna å snakke om.

Dei er aktive på ein annan måte enn oss, for dei har planar om både å reise til Dresden og til Trøndelag før jul. Juleutstilling i Dresden og barn og barnebarn i Trøndelag, det er mange inntrykk å få med seg i julemånaden. I kveld har snøen tint, så det var greitt å kjøre, men eg lurer litt på om dei fekk problem på turen heim, for det hadde visst vore uhell på vegen mellom Mandal og Lyngdal.

Om vi ikkje hadde fått besøk, hadde eg nok høyrt på Valle Radio. Etter sendinga snakka eg med Siri Johannessen, som hadde tysdagssending som vanleg. Ho hadde alt fått positive reaksjonar på programmet, så det hadde vore ein god kveld i radioen også.

Og så kom det ein telefon frå Solvor på Varhaug. Ho tenkte på oss i denne førjulstida. Så det var ein god kveld.

I morgon skal eg ha ansvar i Valle Radio. Programmet kom ikkje i avisa, men det held på å ordne seg, så eg trur det blir bra nå dei siste avtalane fell på plass.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.