Låvevegg

Share

Om du kjører forbi oss her i Tregdevegen, har du sikkert sett at det ligg ein stabel med materialar utanfor låven vår. Tanken var at vi skulle bruke dei på å fikse låveveggen som du ikkje kan sjå. Den veggen er nokså glissen, så det var nok god tørk då det var høy i løa, for då kunne vinden blåse inn i sprekkene.

No er det lenge sidan det var høy i løa, så vi hadde planar om å gjere veggen tett. Naboen vår er snekker og har lova å gjere jobben, men han har hatt mykje å gjere, og vi har ikkje mast på han. Men i dag tok eg ein telefon til han, og då kom han innom. Over materiala ligg det ei presenning, men den vinden som har vore no, fekk tak i henne.

Over ein kaffekopp fortalde Christian Ihme at han hadde mykje å gjere, nedgangstidene dei snakkar om på TV hadde ikkje kome til han enno, folk byggjer framleis hytter i Åseral, så der er han annankvar veke. Men no ville han rydde plass og kome til oss over nyttår, han har to-tre mann i arbeid, så det burde ikkje ta så lang tid.

Så i 2023 er truleg også den veggen oppgradert.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.