Plunder og krøll

Share

I kveld vart det litt meir plunder og krøll enn vanleg. Eg hadde ansvaret for sendinga i Valle Radio og starten vart noko prega av at vi ikkje fekk logge på Internett slik vi skal. Eg veit ikkje kva det var som var problemet, men Jørund Georg Jore kom Torfinn Brokke til unnsetning.

Så etter kvart kom Torleif Harstad på lufta med Tankar frå Bibelen. Men den vart avstytta, og Ann Christin Jacob hadde gløymt at ho hadde ansvaret for Kommunen informerer. Dermed måtte eg klare meg sjølv ved hjelp av Setesdølen. Det var eg jo ikkje heilt førebudd på, men heldigvis låg avisene her ved stolen i Mandal, så litt fekk eg jo sagt.

Eg skulle ha med meg folk i Aktuell time, men hadde gløymt å sende telefonnummera til Hans Fredrik Grøvan og Sigbjørn Åge Fossdal slik at Torfinn kunne ringe til dei. Han fekk dei etter kvart og dei snakka om Nasjonale turistvegar og arbeidet for å få vegen frå Evje til Hovden i ein slik kategori. Det er den strekninga som er spesiell, starten i byen kan ikkje kome i ein slik kategori. Det er Regionrådet som jobbar med dette, og Grøvan har hjelpt i kontakt inn mot sentrale etatar.

Lisa Blom skal ha foredrag på Setesdalsmuseet 3. desember, så vi hadde ein prat for å promotere «I ei kiste, på eit loft». Henne kunne eg snakka lenge med, for ho hadde mykje å fortelje. Dei som tek turen til museet, vil få både historie og historier.

Eg hadde planlagt at folk skulle høyre julesangar og kjenne att teksten, men Jorunn Lund Harstad kom meg til hjelp med normale rebusar og vi hadde hyggelege samtalar med folk frå Sauda, Siljan, Frogner, Bykle og Bygland.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.