Takk

Share

Så er dei siste reist heim att, det var Sigmund med familie, dei var i bilen klokka 0810, kjørte til Gardermoen. Derifrå tok dei fly, medan Sigmund kjørte bilen til Ålesund. Rønnaug og familien er i lufta på veg til Eswatini for å vere med på graduation for Kristine når eg skriv dette. Det blir på laurdag, og etterpå skal dei vere to veker der nede. Margunn og Stein reiste i går kveld tilbake til Sandøya.

Livet må tilbake til det vanlege, så Reidun gjekk på kvinneforeninga si på Mandal bedehus. Eg har vore heime og vore takksam for alle som kom og var med oss desse dagane og sett på blomane vi fekk. Det er litt å gjere i etterkant, men gode hjelparar stiller opp, så det vil sikkert gå seg til etter kvart.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.